Årdal vidaregåande skule
Foto: Anne Bjørg Dalheim

Vg1 Breiddeidrett. Foto: Anne Bjørg Dalheim

Breiddeidrett 1

Frå hausten 2017 tilbyr Årdal vgs programfaget Breiddeidrett1 til elevane som går på Vg1 studiespes. Dette er eit programfag i tillegg til dei ordinære 30 timane på Vg1 studiespesialiserande, med vurdering og standpunkt i faget.

Faget har fem veketimar, der elevane får opplæring på skulen i tre av timane og i ein valfri lagidrett eller individell idrett i dei to siste timane. Desse timane går føre seg på ettermiddagstid og i samarbeid med idrettslaga i bygda, eller andre stader. I skuletida har fokuset fyrst og fremst vore på basistrening i fleire ulike variantar, men me prøver også å gje eit breitt opplæringstilbod i ulike idrettar og aktivitetar.

Trening i eit livslangt helseperspektiv er også viktig. Eit godt samarbeid med Årdal Gym gjer at me kan få jobba med slyngetrening, stabilitet på ball og med slides, intensive intervall-økter i sal (HIIT), trening med R.O.P.E.S og også økter med rørsletrening som t.d yoga. I tillegg til denne typen basistrening, prøver me å organisere heilt andre aktivitetar og me skal no i vår mellom anna ha klatring, skyting og turn. Noko ballspel vert det også rom for.

Dei to timane elevane har på ettermiddagstid skal dokumenterast gjennom treningsdagbok, og faglærarane har god dialog med dei aktuelle trenarane til elevane. Det er derfor viktig at elevane som har lyst til å velje breiddeidrett er aktive innan ein eller annan organisert idrett på ettermiddagen. Dette kan vere lagidrett eller individuell idrett, men dei må ha ein trenar som me her på skulen kan ha eit samarbeid med om oppfølging og vurdering.

I år er det 15 elevar i gruppa, og det fungerer veldig godt. Desse er fyrst ute med å prøve tilbodet, så vegen vert til litt mens me går, men det er ei veldig positiv gruppe med spreke elevar, og me håpar at mange har lyst til å vere med oss til neste år også.

Sjå meir informasjon her: Udir.no/breddeidrett-1 og Kontrakt BID Årdal vgs

Kontrakt Breiddeidrett 1