3PÅA med ein flott «selfie»

3PÅA med ein flott «selfie»

Beste «klasseselfie»

3.klasse påbygg gjekk av med sigeren!

I samband med aktivitetsdagen ved skulestart vart det utlyst konkurranse om den beste «klasseselfien».
Alle måtte gå til det populære turmålet på Moa og ta bilete der.

Juryen, som bestod av lærarane Knut Bordal, Nina Jevnaker og Fredrik Jarstadmarken, valgte dette som det beste bilete.

Grunngjevinga til juryen: Ein ordentleg selfie, kreativt utforma og heile gjengen samla. God idé med maskoten som tek bilete.

Gratulerar med sigeren!
Premien er pizza til heile klassen.