Elevane lyttar til kva politiet har å seie.

Elevane lyttar til kva politiet har å seie.

«Bry deg - sei nei til narkotika»

Årdal vidaregåande skule fekk besøk frå politiet i samband med kampanjen «bry deg - sei nei til narkotika»

Torsdag 22.september var elevar og lærarar ved Årdal vidaregåande skule samla i kantina for å høyre på eit foredraget i samband med kampanjen «Bry deg - sei nei til narkotika»

 

«Bry deg - sei nei til narkotika» er ei landsomfattande markering mot narkotika, der politiet besøker dei vidaregåande skulane for å halde foredrag for elevane. Denne kampanjen skal vera med å hindre at barn og unge byrjar med narkotika.

 

Petter Hagen, frå Årdal lensmannskontor, var foredragshaldar ved Årdal vidaregåande skule. Han heldt eit godt foredrag der han bevisstgjorde elevane på korleis narkotika kan påverka skulegangen, kvardagen og kroppen. Elevane blei også bevisstgjorde på kva ein kan gjera for å førebyggje bruken av narkotika.

 

Narkotikafri skule.jpg

 

Ta ansvar, ta eigne val! Bry deg - sei nei til narkotika!

 

Les kva porten.no skriv om besøket frå politiet.

 

Les meir om kampanjen og norsk narkotikapolitiforening.