www.ardal.vgs.no

ØVING CAMPUS SOGNDAL

Beredskapsøving Torsdag 14. mars 2019 på Fosshaugane Campus, Sogndal

Mellom klokka 16.00 til 19.30 vil det vere politi, brannmannskap og ambulanse i utrykking, på campus og i nærleiken av campus. Politi og hjelpemannskap skal øve scenario innan pågåande, livstrugande vald (PLIVO). Det handlar om samarbeidet mellom naudetatane ved tilsikta hendingar som mellom anna terrorisme og sjølvdestruktive handlingar med bruk av vald mot andre.

Vi gjer publikum merksame på at det kan bli sterke inntrykk, og foreldre/ føresette bør informere born og unge om at dette berre er ei øving. Det er ikkje ynskjeleg med tilskodarar under øvinga.

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland, politiet, Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sogndal Fotball samarbeider om beredskapsøvinga. Øvinga er todelt, på dagtid vert det ei diskusjonsøving for dei involverte partane, samt øvinga  for naudetatane på ettermiddagen. 

Sogndal idrettshall og symjehallen vil verte stengt for publikum frå kl. 11 og ut dagen. Parkeringa rundt Sogndal vidaregåande skule vil verte stengt frå kl.15.

Ved eventuelle spørsmål i forkant eller undervegs i øvinga, kontakt Politiet v/ Arne Johannessen (tlf: 92896461), eller fylkeskommunen v/ Kristin Rundsveen (tlf: 90890713).

 

plivo.jpg

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut