Årdal vidaregåande skule
Foto: Privat

Foto: Privat

Elektroklassen på besøk ved Vindedal kraftverk i Lærdal

Me fekk ein god mottaking av Kjell Mikal Espeland som er den eine eigaren.

Klassen tok først ein synfaring på dammen som er starten på kraftverket og ligger 3 km opp i dalen.

Deretter gjekk me ned til stasjonen og fekk dei ein god innføring i anlegget. Klassen fekk inn i styrerommet og generatorrommet kor me faktisk fekk ta og føle på turbinar og generatorar.  Kjell Mikal Espeland forklarte også om oppstartinga av kraftverket og detaljer i og på anlegget.  Stasjonen består av 2 peltonturbinar med tilhøyrande generatorar som leverer 2660 kilowatt kvar. Årsproduksjonen er på 18 GWH noko som tilsvara straumforbruket til 1000 husstandar. Eigarane av kraftverket var så framsynte at høgspentrommet vart utført i berøring sikker utføring, slik at me fekk inn der også. Det er ikkje så mange slike anlegg så me er fornøyde for at me fekk høve til det.

Takk til Kjell Mikal Espeland som tok seg tid til å være med oss.