Elev og lærlingombod

Venke Nordeide er ombod for lærlingar og elevar ved alle vidaregåande skular i Vestland

venke nordeide.jpgElev- og lærlingombod Venke Nordeide jobbar for at elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring skal få oppfylt rettane sine og få medverke. Hjå elev- og lærlingombodet kan elevar og lærlingar få råd, rettleiing og støtte. Ombodet følgjer opp førespurnader og saker, og skal vere med på å kvalitetssikre opplæringa i skule og lærebedrift. Ombodet skal også vere ein pådrivar for at dei som jobbar med vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova.  

I juni vedtok fylkestinget i Vestland nytt mandat for både elev- og lærlingombodet i Vestland og mobbeombodet i Vestland. I følgje nytt mandat, har ikkje mobbeombodet i Vestland elevar i vidaregåande skule i si målgruppe. Elev- og lærlingombodet har alltid arbeidd med saker som omhandlar eleven sin rett til eit trygt og godt skulemiljø, og kjem også til å halde fram med dette. Elev- og lærlingombodet samarbeider framleis med mobbeombodet. Her finn du mandatet til ombodet.

Kontaktinformasjon til elev- og lærlingombodet.

Kontakt

Venke Nordeide

elev- og lærlingombod

99 54 19 13

venke.nordeide@vlfk.no