Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

Stabel med bøker frå skulebiblioteket

Her finn du informasjon om ulike tenester vi tilbyr deg som er elev ved skulen vår.

Biblioteket

I tillegg til læremidlar har skulebiblioteket eit godt utval bøker i fleire sjangrar. Vi har og eigen seksjon med bøker på nynorsk og bøker med forfattarar eller tema frå Sogn og Fjordane. Det er fleire stadar i biblioteket ein kan sitte å arbeide, både åleine og i grupper. Vi kan og hjelpe til med å skaffe bøker til særemne, eller den spesielle boka du berre brenn etter å lese.

Frå torsdag 24.august til fredag 8. september er skulebiblioteket bemanna kvar skuledag frå 08.00 - 12.00. Resten av skuleåret er biblioteket åpe heile åpningstida til skulen, men kun bemanna onsdagar frå 08.00 - 12.00. 

Kantina.

Noko å ete?

Har du det litt for travelt om morgonen til å ete frukost? Kvar tysdag og torsdag serverar me gratis brødmat med pålegg og grønt til i kantina. Ellers vil du kvar dag finne eit godt utvalg av påsmurte baguettar, drikke, yoghurtar og annan mat som du kan kjøpe.