Årdal vidaregåande skule
Bilde er teke frå ein tidlegare loppemarknad.

Endeleg loppemarknad!

2STA ved Årdal vidaregåande skal arrangere loppemarknad 17-19 November og dei håpar på å sjå deg der!

I heile haust har 2STA samla inn lopper til loppemarknaden. Pengane dei får inn går til klassetur til Berlin til våren. Dei har fått inn mykje spennande og flott, alt i frå ski og møblar til flotte servise.  Det er noko til einkvar smak. Denne veka sit dei i paviljongen kvar dag frå klokka 17:00- 19:00 for dei som enda har noko dei vil gi vekk.

Denne helga brakar det laus med loppemarknad i kantina på Årdal vidaregåande. Det vert både sal av kaker, kaffi, kakeboksar, lopper og det vil bli arrangert lynlotteri, budrundar og andre konkurransar.

Dersom du er interessert i å ta deg ein tur innom Årdal vidaregåande denne helga er dette opningstidene:

Fredag 17:00- 22:00
Laurdag: 10:00- 18:00
Søndag: 11:00- 17:00

Dei håpar flest mogeleg tek seg turen innom.