Årdal vidaregåande skule
Illustrasjonsfoto

Endringar i fråværsreglement

Under kan du sjå endringane som er gjort i fråværsreglementet. Ein del av køyreopplæringa kjem no inn som dokumentert fråvær. 

Generelt:

I vidaregåande opplæring skal alt fråvær for elevar førast på vitnemålet/kompetansebeviset, med heimel i forskrift til opplæringslova, § 3-47.

 

Hovudutval for opplæring har vedteke eit felles fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Utfyllande informasjon om fråværsgrense – rundskriv Udir-3-2016

Fråværsgrense og varsling

Forskrift til opplæringslova, § 3-3.Grunnlaget for vurdering i fag, siste ledd;

«I vidaregåande skole skal eleven ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget. Eleven kan likevel få vurdering med karakter dersom det er dokumentert at fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget skyldast slike grunnar som er nemnde i § 3-47 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd». Dette er eit enkeltvedtak, og eleven skal ha skriftleg førehandsvarsel, jf. Forvaltningsloven. Dette gir eleven høve til å uttale seg om andre sider ved saka.

 

Fylkesdirektøren for opplæring presisera innhaldet i forskrift til opplæringsloven § 3-3 Grunnlaget for vurdering i fag og § 3-47 Føring av fråvær i vidaregåande opplæring.

 

Alt fråvær skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset, og fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar, jf. § 3-47 første ledd.

 

I Sogn og Fjordane fylkeskommune skal eleven sitt fråvær registrerast i SkoleArena Hypernet.

 

Fråværsføringssystemet er «økt-og minuttbasert» og skal førast nøyaktig. Det skal ikkje førast fråvær for større del av ei økt enn den tida eleven har vore fråværande.

Det er ikkje krav om å dokumentere fagfråvær før grensa på 10 prosent er overskriden, men elevane kan likevel velje å legge frem dokumentasjon før grensa er nådd.  

Det er ikkje krav om arkivering av slik dokumentasjon.

Skal fråvær ikkje reknast som fagfråvær, må det dokumenterast. Vilkåret for at fråværet ikkje skal reknast som fagfråvær er todelt:

 

  • Det må vere grunngjeve med årsakene i §3-47 a til f
  • Det kan dokumenterast i tråd med retningslinene nedanfor

 

 

 

Årsak

Gyldig dokumentasjon:

b) arbeid som tillitsvald

Stadfesting om verv som tillitsvald (døme: eleven sit i styret for elevorganisasjonen, er vald som representant til årsmøte i elevorganisasjonen, i styret for elevråd.)

c) politisk arbeid

Stadfesting om deltaking i politisk arbeid.

d) hjelpearbeid

Stadfesting om deltaking i organisert hjelpearbeid.

e) lovpålagt oppmøte

Stadfesting eller møteinnkalling til lovpålagt oppmøte (sesjon, representasjon for ein politisk organisasjon, vitne i rettssak)  

f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Stadfesting om deltaking på idrettsarrangement eller kulturarrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå.

velferdsgrunnar

Stadfesting av årsaka utferdiga av ein person med kompetanse til å vurdere fråværsårsaka. Om det er vanskeleg kan det vere tilstrekkeleg med ei stadfesting frå  føresette eller myndige elevar (døme: dåp, bryllaup,  gravferd og liknande).

Anna fråvær enn det som kjem fram av retningslinjene over, skal reknast som fagfråvær.

 

Køyreopplæring

Følgjande køyreopplæring kan sjåast på som dokumentert fråvær:

  • 4 timar obligatorisk tryggleikskurs på bane.
  • 5 timar praktisk øving i køyring på landeveg
  • 4 timar undervisning i planlegging og køyring i variert trafikkmiljø, der minimum 3 timar skal være sjølvstendig køyring i variert trafikkmiljø, resterande tid skal nyttast til planlegging og oppsummering

Reiseveg vil som hovudregel vere ein del av det dokumenterte fråværet.

 

Bortvisning frå undervisning

Bortvisning frå opplæringa er også fagfråvær.

Avtalt studiearbeid

I nokre tilfelle avtalar faglærar eller rektor sjølvstendig studiearbeid med ein eller fleire elevar. Dette skal det ikkje førast fråvær for.

 

§ 3-7.Varsling

Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom det er tvil om eleven kan få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag.

 

Varsel skal opprettast og sendast i SkoleArena. Det er eleven si plikt å halde seg orientert i SkoleArena.

 

Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. tredje ledd. Dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa på 10 prosent skal gjelde, kan ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, også få vurdering med karakter.  Avgjerda ligg hos rektor.

 

  • Ved 5 prosent fråvær:

Eleven skal ha varsel jf. § 3-7 om han eller ho står i fare for ikkje å få karakter på grunn av fråvær. Varsel skal sendast ved 5 prosent udokumentert fråvær. Berekning og varsling skal skje i Skulearena.

 

 

  • Ved 10 prosent fråvær:

Når fråværet er over 10 % skal det sendast ut eit førehandsvarsel som skal gje eleven å uttale seg før endeleg vedtak vert gjort, jf. Forvaltningsloven § 16. 

 

 

Fråværsgrensa gjeld for alle elevar i vidaregåande skular i Noreg, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne med rettar etter § 4A-3.

Opplæringslova § 3-18. Standpunktkarakterar i fag - enkeltvedtak

I dei tilfella der det ikkje er grunnlag for å setje standpunktkarakter, har rektor ansvaret for at det blir fatta enkeltvedtak om at standpunktkarakter ikkje skal bli gitt.

 

Tips ein ven Skriv ut