Årdal vidaregåande skule/Elev og føresett/IKT og ressursar/Foreldretilgang til fråvær og karakterar

Foreldretilgang til fråvær og vurdering

Sogn og Fjordane fylkeskommune har opna for at dei videregåande skulene kan gi foreldre tilgang til vurderings- og fråværsmodulen i Skolearena.

Skolearena er det verktøyet lærarane brukar til føring av fråvær og karakterar, vurderinger og eventuelle kommentarar. For å få tilgang til Skolearena, må foreldrene registrere seg og søkje om tilgang. Elevane sin kontaktlærar får melding om førespurnaden og godkjenner tilgongen.

Når eleven blir 18

Når eleven fyller 18 år og blir myndig, vert foreldretilgongen til Skolearena sletta automatisk.

Tips ein ven Skriv ut