B

Fysikk elevane i 2STA på besøk på NorSun

Tysdag 28.03 var elevane som har valt fysikk i 2STA på besøk på NorSun. Vi blei møtt av Frank Øvstetun som gav oss eit lite innblikk i produksjonen på NorSun og ein presentasjon om solenergi.

Frank viste oss at det er eit stort potensiale for bruk av solenergi i framtida, både for privatpersonar og næringsliv, både nasjonalt og globalt. Det er gode framtidsutsikter innanfor bransjen, og solenergi er vil etter hans meining auke i framtida. Såleis vil eit studie innanfor dette området vere eit godt val for elevane. 

A.jpg