Årdal vidaregåande skule
Foto: Privat

Foto: Privat

Gjorde reint bord under fylkesmessa

Ungdomsbedrifta ShoeSaver UB tok heile 6 prisar under fylkesmessa for ungdomsbedrifter. Dei fekk også prisen for beste ungdomsbedrift, som gjev gullbillett til NM for ungdomsbedrifter.

Tysdag 14. mars gjekk den årlege fylkesmessa for ungdomsbedrifter av stabelen i Førde. Årdal vidaregåande skule var representert ved ShoeSaver UB frå VG2 Sal, service og tryggleik. ShoeSaver UB har som mål å gjera festivalopplevinga betre for ein kvar ved å tilby ein kul skobeskyttar som vil beskytte skoen for gjørme under festivalar og andre utandørsarrangement. Bedrifta vann heile 6 prisar. Desse var:

  • Beste HR
  • Beste marknadsføring
  • Beste innovasjon
  • Beste forretningsplan
  • Beste produkt
  • Beste ungdomsbedrift

Som vinnar av beste ungdomsbedrift fekk bedrifta også ein gullbillett til NM for ungdomsbedrifter som går av stabelen i Lillestrøm 4 og 5 mai.

- Det er ei surrealistisk oppleving. Til slutt mista eg talet over alle gangane me gjekk opp og ned frå scena, seier dagleg leiar Hans Skogli. Han legg til at han er utruleg stolt over kva bedrifta har fått til, og at alt det harde arbeidet opp mot fylkesmessa var verdt det. - Dette var den beste dagen i mitt liv, seier Anders Lereng. - Dette er stort. Eg veit ikkje om nokon som har vunne så mange prisar før, seier Ørjan Sunde Vik.

Først var produktet tenkt som eit festivalprodukt, men det har vist seg at det har mange fleire bruksområder. Det breidde bruksområdet til produktet og det store potensialet var viktige faktorar for at bedrifta tok så mange prisar. - Det kan brukast til hagearbeid, maling og oppussing, stallarbeid og for å halde nye bilar reine, for å nemna noko, seier Mathias Rinde.

Ansvarleg lærar for ungdomsbedrifta Fredrik Jarstadmarken legg til at han er imponert over kva bedrifta har fått til. - Dei har vore gjennom ein lang prosess med å lage prototype, finne produsent, marknadsføringsarbeid, kontakte kundar, føre rekneskap undervegs, og å forholda seg til næringslivet. Det har vore lærerikt for dei, og no har dei fått lønn for strevet. Det blir moro å følgja dei fram mot NM, seier Fredrik Jarstadmarken.

Elevane som deltek i ungdomsbedrifta er Andrine Natvik, Hans Skogli, Thomas Jevnaker Lien, Mathias Rinde, Ørjan Sunde Vik og Anders Lereng.