HPV-vaksine

HPV-vaksine

Gratis HPV-vaksine til kvinner født i 1991 eller seinare

Frå 2016 og to år framover får alle kvinner som er født i 1991 eller seinare tilbod om å få gratis HPV-vaksine.

HPV-virus aukar risikoen for fleire typar kreft. HPV-vaksina kan beskytte mot livmorhalskreft og delvis mot enkelte andre kreftformar.

HPV er ei forkorting for Humant Papillomavirus. Det fins over 100 ulike typar av dette viruset. Nokre av typane er ufarlege, medan nokon kan føre til celleforandringar som aukar risikoen for livmorhalskreft hos kvinner. Livmorhalskreft er den tredje største kreftforma som rammar kvinner globalt. Dette er den vanlegaste formen for kreft hjå kvinner under 35 år. HPV-vaksina er eit svært viktig bidrag for å beskytte mot livmorhalskreft.  

Alle jenter får tilbod om å ta vaksina når dei er 12 år, som ein del av det nasjonale barnevaksinasjons-programmet. Sjølv om ein er del av dette programmet anbefales det at ein er med i livmorhalsprogrammet, ved å ta celleprøve frå dei er 25 år. Dei første som fekk dette tilbudet vil fylle 25 år først i år 2022. Inntil den tid er dei som blir innkalla til celleprøve ikkje vaksinert mot viruset.

Men frå 2016 og to år framover får alle kvinner som er født i 1991 eller seinare tilbud om å få HPV-vaksina gratis. Det blir gitt tre vaksinasjonsdosar. Den siste dosen må takast innan 1.juli 2019. Dette vil sei at vaksineringa må vera påbegynt i årssikftet 2018/2019.

For spørsmål eller timebestilling kan de ta kontakt med helsesøster på skulen, Siv N Smedegård.