Ntep UB ved Årdal vidaregåande skule (Bak frå venstre): Stian Hauge Bakken, Gaute Refsdahl Fossen, Jørgen Asperheim, Håkon Wigum, Morten Beheim Fredheim, Bendik Strømmen Bøyum, Andreas Kvale Skarsbø, Elias Fjellestad Flæthe, Kacper Stanislaw Mateja, Joakim Gjertsen Fagerli, Elise Nesse Eriksen, Malene Øy Nondal, Camilla Hugøy, Odd Harald Semstrøm Larsen

Ntep UB ved Årdal vidaregåande skule (Bak frå venstre): Stian Hauge Bakken, Gaute Refsdahl Fossen, Jørgen Asperheim, Håkon Wigum, Morten Beheim Fredheim, Bendik Strømmen Bøyum, Andreas Kvale Skarsbø, Elias Fjellestad Flæthe, Kacper Stanislaw Mateja, Joakim Gjertsen Fagerli, Elise Nesse Eriksen, Malene Øy Nondal, Camilla Hugøy, Odd Harald Semstrøm Larsen

Gratulerer til Ntep UB med prisar på fylkesmeisterskapen for ungdoms- og studentbedrifter

SAMARBEID MELLOM ÅRDAL VGS OG SOGNDAL VGS

I klassen "Bærekraft" delte Ntep UB 1. plass med systerbedrifta Sogna Tech UB frå Sogndal.

Ntep UB fekk òg 2. plass i klassen "Beste ungdomsbedrift", der Sogna Tech UB òg var delaktig.

“Kvar enkelt elev i elevbedrifta har jobba godt og målbevisst fram mot fylkesmessa, og eg er svært fornøgd med resultata. 1. plass i bærekraftprisen og 2. plass i beste ungdomsbedrift er ein siger i mine auger,” seier dagleg leiar i Ntep UB, Odd Harald Semstrøm Larsen.

SYSTERBEDRIFTER

Ungdomsbedriftene Ntep UB (Automasjon ved Årdal vgs) og Sogna Tech UB (Dataelektronikk ved Sogndal vgs) (bilde under) har samarbeida med SITEP og Hydro om å vidareutvikle ein såkalla klakkstav, som vert nytta i elektrolysehallane hjå Hydro.

Sogna Tech UB.pngSogna Tech UB ved Sogndal vidaregåande skule

Vegar Lunde Fardal, Tarjei Martin Hansen Moen, Sigurd Stenstadvold, Erling Hovlid, Sondre Høgi Berge, Daniel Neset, Marc André Fedje, Eirik Reed Mundal, Anders Lund og Bea Grancea

 

Dei to bedriftene har utfylt kvarandre ved å jobbe med to ulike aspekt. Ntep UB har sett i system vedlikehald, reparasjon, gjenbruk  og 3Dprint-produksjon av nye deler,

medan Sogna Tech UB har utvikla javascriptkode og bygd opp trådlaus kommunikasjon via mobilapp til databaselagring og visning på web. “Fram til no har me selt klakkstavar til Hydro nasjonalt. Gjennom samarbeidet med Sogna Tech UB forventar me at dette produktet kan seljast til 20% av aluminiumsprodusentane i verda. Dette vil da tilsvara over 1000 klakkstavar”, seier dagleg leiar i Ntep UB, Odd Harald Semstrøm Larsen.

 

 

MEIR SAMARBEID 

Dette er to utdanningar som har mange kryssingspunkt, fortel lærarane Bjørg Ellingsdotter Venjum og Olav Arild Barsnes, og me ser potensiale for å samarbeide meir framover.

Både dei to skulane seg i mellom, og også med SITEP, som har vore ein veldig god partnar i dette utviklingsarbeidet. Samarbeidet har mellom anna også resultert i eit kurs i Python-programmering, som dagleg leiar i SITEP, Frank Øvstetun, no er i gang med å køyre for dei to klassane.

 

Imponerande å sjå kva som bur i elevane, seier Frank Øvstetun. Eg tenkjer at dei har fått lært mykje både samarbeid på tvers av skulane og internt i bedrifta (klassen). Å drive ungdomsbedrift er noko anna enn eit vanleg fag med undervisning. Elevane tek mykje større ansvar. Dei skal lære alt frå å lage fakturaunderlag, oversikt over økonomi, jobbe utan å skade seg, lage dokumentasjon, skrive brukarrettleiing, programmere og mykje, mykje anna. Det har nok vore frustrasjon til tider, men desto artigare å lukkast. Produktet håper me kan ende i ei ordinær bedrift med sal verda over og med vidareutvikling lokalt. Ekstra kjekt å jobbe i lag med elevar både i Årdal og i Sogndal – saman er me så mykje, mykje sterkare.

 

 

DIGITALE MØTEFLATER

Elevane har møttest til fagleg påfyll og pizza hjå SITEP, men det meste av samarbeidet har føregått digitalt. Dette har fungert veldig bra.

 

Dei to bedriftene er no kvalifiserte til å delta i heile 6 klassar i NM, eit arrangement som også mest truleg vil bli arrangert heildigitalt.