Årdal vidaregåande skule
Foto: Knut Bordal

Grønt Miljø UB

Framover vil me presentera ungdomsbedrifter ved Årdal vidaregåande skule. Første bedrift ut er Grønt Miljø UB.

Dei siste åra har Årdal vidaregåande skule brukt entreprenørskap som ein del av utdanninga. Dette gjer dei gjennom at klassane startar ulike ungdomsbedrifter. Framover vil me presentera ungdomsbedriftene ved Årdal vidaregåande skule.

Første ungdomsbedrift ut er Grønt Miljø UB. Elevane som har starta denne bedrifta går i 2.klasse på Salg og service.  

Ideen dei har valt å satse på er eit lok som skal presse saman bos. Elevane har komt fram til eit brett med handtak som kan produserast i aluminium. Denne plata kan også henga fast på innsida av eit kjøkkenskap ved hjelp av ein magnet.

Elevane har teikna ein prototype og fått hjelp til å 3D-printa det i miljøvenleg plast. Men elevane ser helst at dette skal bli masseprodusert i aluminium. Ein av ideane er også at bedrifter kan få eit slikt lok med sin eigen logo. Dette kan dei for eksempel bruke til å gi til kundane sine.

Dersom dei får avtale om masseproduksjon, så dannar dei eit aksjeselskap. Men mykje må gjerast før dei kjem så langt. Døme på dette er ulike planar, budsjett, kalkyler osv.  

Slike bedrifter som dette skapar eit godt samarbeid og god læring for dei ulike klassane. Det blir ein anna måte å læra på enn elles i timane.

Vidare vil også bedriftene prøve seg i konkurransar. Tidlegare har Årdal vidaregåande skule hatt bedrifter med i NM.