Foto: Privat

Hans Skogli representerar Sogn og Fjordane på Leiar for ein dag, og guten frå Årdal skal

Hans inntar leiinga Norges Rederiforbund

Hans Skogli (18) har leia ei suksessfull Ungdomsbedrift. Torsdag inntar han leiinga Norges Rederiforbund.

- Heilt frie tøyler kan eg nok ikkje gje Hans, men han skal få eit innblikk i korleis det er å lede ein stor og tradisjonsrik interesseorganisasjon. Å ha med Hans på laget blir nok like lærerikt for meg som for ham, seier Sturla Henriksen, administrerende direktør i Norges Rederiforbund.

Leiar for ein dag er eit årleg arangement i regi av Ungt Entreprenørskap og ManpowerGroup. Torsdag 19.oktober «skyggar» 30 unge talent kvar sin toppleiar i arbeids- og næringsliv. Kommunalminister Jan Tore Sanner, NHO-president Arvid Moss, børsdirektør Bente Landsnes og ballettdirektør Ida Lorentzen er blant leiarane som skal ha med seg ein ungdom på jobb denne dagen.

Fekk leiarerfaring gjennom Ungdomsbedrift
Og Hans befinn seg i eit eksklusivt selskap: Over 12 000 dreiv Ungdoms- og Studentbedrift forrige skuleår. Prestasjonane som daglig leiar i ungdomsbedrifta ShoeSaver UB sikra guten frå Årdal plass på Leiar for ein dag.

- Eg tykkje det var utruleg kjekt og lærerikt å drive ungdomsbedrift, og å bli valt ut til Leiar for ein dag er ei stor æra. Det blir spennande og eg gler meg tilå tilbringa dagen med Sturla Henriksen, seier Hans Skogli.

ShoeSaver UB blei kåra til beste ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane forrige skuleåre, og dei representerte fylket på NM for ungdomsbedrifter.

Etterlyser samarbeid mellom utdanninga og arbeidslivet
Hans og dei andre unge leirartalenta skal blant anna ta ManpowerGroup sin test som måler deira evne til å utvikla seg og tilpassa seg nye situasjonar og utfordringar i arbeidslivet.

- Det å vera læringsvillig blir heilt avgjerande i framtidas arbeidsliv. Dette er inga akademisk øving som lærarane kan forelese om og dei unge lese seg til. Me treng fleire læringsarenaer der skulen og arbeidslivet samarbeidar. Eg håpar fleire verksomheiter ser verdien av å investere i Unt Entreprenørskap og dagen elevar og studentar. Det gjer dei til attraktive arbeidsgjevarar og det er ei investering i framtidig verdiskaping, seier Maalfrid Brath, konsernsjef i ManpowerGroup. ManpowerGroup bidrar også til å matche leiartalenta med riktig toppleiar.

192 005 elevar i vidaregåande skule har fått erfaring med Ungdomsbedrift sidan Ungt Entreprenøskap blei stifta i 1997. Forskning viser at elevane som har drevet Ungdomsbedrift skårar betre på ferdigheitar knytt til for eksempel å ta beslutningar og vise initiativ. Sjå ICEE viser at elevar som deltar i UB (Ungdomsbedrift) gjer det betre (Østlandsforkning)