Årdal vidaregåande skule/Om oss/Om skulen/Historie
img_6525_1024x384

Historikk

Den fyrste spiren til eit skuletilbod utover grunnskulenivå var lærlingskulen på Årdalstangen og i Øvre Årdal. Denne skulen kom i gang midt i 1950-åra og undervisninga gjekk føre seg på kveldstid.

Hausten 1965 vart Årdal Yrkesskule for handels- og kontorfag starta, med lokale i Farnes  gamle barneskule.

Hausten 1967 kom Årdal Gymnasklassar i gang. Administrativt låg klassane under Sogndal  gymnas. Det var ein klasse på real-linja og ein klasse på engelsk-linja. Undervisningslokala låg i dei ulike bygningar, noko som var lite praktisk.

Same hausten  kom og Elementærlinja i husstell, som var knytt til Hafslo husstellskule. Frå 1977 vart denne klassen administrert av rektor på handelsskulen.

I 1971 sette Årdal kommune ned ei plannemnd til oppføring av ein felles vidaregåande skule. Ideen var å skapa ein kombinert skule form heile kullet av 16.19 åringar. Denne nemnda var i arbeid til hausten 1974.

Men dei klassane som alt var komne i gang, skulle helst ha tak over hovudet i mellomtida.  Løysinga vart å sette opp eit mellombels Moelven-bygg med 6 klasserom, den såkalla «gymnaspaviljongen». Denne vart teken i bruk i 1972.

I 1979 fekk vi grunnkurs i kokk/servitør/husstellfag. Dei førte eit omflakkande liv  med all teoriundervisning på handelsskulen , medan den praktiske opplæringa dels gjekk føre seg på ungdomsskulen, dels på Farnes barneskule, der husstellskulen heile tida hadde vore.

I januar 1977 vart det så nedsett ei fylkeskommunal plan og byggjenemnd.

Hausten 1979 tak arbeidet i marka til.

I august 1981 vart nybygget teke i bruk. Mykje var enno uferdig, særleg på verkstadavdelingane . Så elevar og lærarar side ved side med handverkarar måtte til for å fullføre verket.

I september 1982 tok så ombygginga av gymnaspaviljongen til. Elevar og lærarar på bygningslinja gjorde det meste av tømrar- og snikkararbeidet. Resultatet vart ei romsleg og tidshøveleg bygg for husstellundervisninga.

Den 10.juni 1983 vart Årdal vidaregåande skule offisielt vigsla.

Etter den tid har klassetala variert mykje og det same har elevtalet. Gymnaspaviljongen er framleis i bruk. I 2016 har Årdal vidaregåande skule totalt  54 tilsette.

Programområde:

Studiespesialisering(Vg1, Vg2, Vg3)

Påbygg til Studiespesialisering Vg3

Elektro Vg1

  • Automasjon Vg2 og Vg3

Teknikk og industriell produksjon Vg1

  • Vg2 Industriteknologi
  • Vg2 Kjemiprosess

Service og samferdsle Vg1

  • Vg2 Sal, service og tryggleik
Tips ein ven Skriv ut