Årdal vidaregåande skule
Årdal Vidaregåande Skule

Årdal Vidaregåande Skule

Informasjon om fråværsreglar

Det vart innført nye fråværsreglar for å få karakter i fag frå 1. august 2016.

Politikarane i hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane har gjort vedtak som skil seg frå dei nye reglane, og vil ha eit møte med kunnskapsministeren. Fram til dette gjeld reglane frå 1.august.

Fråværsreglar frå 1. august 2016

Ofte stilte spørsmål om ny fråværsgrense

Debatt om dei nye reglane

Hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane handsama saka om fråværsreglane i møte 27.september. Dei vil ha eit møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om saka, og utsette å gjere vedtak til etter eit slikt møte.

Ventar på ministermøte

Hovudutvalet vedtok 31.august eit revidert fråværsreglement for vidaregåande opplæring i fylket, der det m.a. heiter at obligatoriske køyrekurs ikkje skal reknast opp mot 10 prosent-grensa, og at rutinane for dokumentasjon skal vera smidige. Dette vedtaket er kjent ugyldig, og det vil bli lovlegkontroll frå fylkesmannen på vedtaket. Fråværsreglar innført 1.august gjeld.

Hovudutval for opplæring vedtok revidert fråværsreglement

Betre gjenomføring av skuleåret

Hensikta med dei nye fråværsreglane er å motivere elevane til jamn innsats, og å hindre skulk. Slik vil fleire elevar få gjennomført vidaregåande skule. Fråværsreglementet er ein del av ordensreglementet for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Dei nye fråværsreglane gjer at ein elev som har 10% fråvær i eit fag i dei fleste tilfelle ikkje kan få karakter i faget.