Årdal vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Internasjonalisering
Afrikanske born

Sosialt entreprenørskap

Barnehjelp Afrika

 

Årdal vidaregåande skule driv for tida  med humanitært arbeid i provinsen Kwa Zulu Natal,  Eshowe i Sør Afrika. Skulen har skrive under ein samarbeidskontrakt med bedrifta Melås helse,  og er ein del av den nyleg stifta foreininga Barnehjelp Afrika.

Foreininga sitt mål er å driva humanitært arbeid knytt til barnehagar/skular i området.

 

Årdal vidaregande skule har ein arbeidskomité sett saman av 2 lærarar, rektor og elevrepresentantar frå kvar klasse på skulen vår. Elevane planlegger og gjennomfører ulike arrangement, dugnader og innsamling i løpet av skuleåret, der pengane vil gå til eit konkret humanitært prosjekt på ein av skulane i Eshowe.

 

Skulen vår hadde ein delegasjon på befaring til Sør Afrika vinter 2015, der ein lærar og ein elev var med. I etterkant har desse  gjeve informasjon i alle klassar på Årdal vidaregåande skule for å skape engasjement blant elevar for framtidige prosjekt.

DSC_0357_1024x384.jpg

Tips ein ven Skriv ut