Årdal vidaregåande skule
Foto: Helge Øren

Foto: Helge Øren

Kick off dag i entreprenørskap

Årdal vgs inviterte til fagdag ved Årdal vidaregåande skule

Årdal vidaregåande skule, i samarbeid med Ungt Entreprenørskap, inviterte 9. klasseelevar i Årdal, Lærdal og Aurland til fagdag ved Årdal vgs.

Heile 80 elevar frå grunnskulane deltok. Målet med dagen var å inspirera elevane til å bruke elevbedrift som metode, og å knyte tettare bånd mellom skulane i regionen.

Årdal vidaregåande skule har lenge hatt Entreprenørskap som eit satsingsområde, og har svært god erfaring med ungdomsbedrift som arbeidsmetode.

Dagen opna med innleiing frå Jørn Helgheim, grunnskuleansvarleg i Ungt Entreprenørskap. Deretter jobba elevane med kreative øvingar, under rettleiing av faglærarane Fredrik Jarstadmarken og Knut Bordal. Det enda opp med fleire kreative foretningsidear som me håpar elevane tek med seg og jobbar vidare med.

Responsen var så god frå både elevar og lærarar, at me satsar på at dette blir ei årleg hending, seier faglærarane.

 

Foto: Helge Øren