Årdal vidaregåande skule
Foto: Fjordfilm UB

Lifebag UB tok heim den gjevaste prisen på fylkesmessa!

Lifebag UB frå Årdal vgs vann prisen for beste ungdomsbedrift på fylkesmessa. I april dreg dei vidare til NM for ungdomsbedrifter.  

I juryen si grunngjeving står det.

- Produktet tek utgangspunkt i eit stort globalt miljøproblem, som både samfunnet og enkeltpersonar engasjerer seg i å løyse. Bedrifta har kartlagt stor interesse i markedet gjennom markedsundersøking. Bedrifta viser godt samarbeid med partar i lokalmiljøet. Dei tilsette i bedrifta viser gode samarbeidsevnar og stort engasjement og stoltheit for bedrifta. Bedrifta viser stor grad av tverrfaglighet i arbeidet og kreativitet i oppgåveløysinga. Dei tilsette framstår som kunnskapsrike og trygge i presentasjonar og salssamtaler. Juryen har stor tru på produktet, og ser fram til å finne det i ein butikk nær oss.

 

Det var også fleire ungdomsbedrifter frå Årdal vgs som utmerka seg:

Safetybracelet UB vann 1.plass for Sosiale entreprenørskap

K.I.D UB vann pris for nest beste HR - bedrift

Foto: Fjordfilm UB

Foto: Fjordfilm UB

Totalt 5 bedrifter frå Årdal vgs deltok, og alle gjorde ein framifrå innsats.

 

Lifebag UB

Lifebag UB består av Mia Janette Nordli Hansen, Stine Lundeberg Holelien, Tonje Lomheim, Nicole Lucas Lægreid, Martine Nordmo Nes, Thea Vårdal Stølen, Katrine Walaker og Marte Nilsen Øygarden Som går Service og Samferdsel. Dei har teke tak i eit stort miljøproblem som mange ikkje er klare over. Nemleg at det berre frå norske heimar havnar 350 tonn mikroplast i havet per år som fylgje av klesvask. For å løyse dette problemet har dei utvikla ein vaskepose som skal hindre dette. Dei tok heile 5 prisar på fylkesmessa inkludert den gjevaste. Som fylgje av dette skal dei representere Sogn og Fjordane under NM i april.

 

Safetybracelet UB

Safetybracelet UB består av Evita Aslaksrud, Julie Haugen Duesund, Othilie Olsen Einemo, Frida Kvalsvik, Mathias Nondal Lereim og Hanne Elisabeth Sæverhaugen Nordgulen som går påbygg. Dei har teke tak i det store problemet med drinkar som blir tukla med under festivalar og russetreff. Løysinga deira er eit festivalarmebånd med integrert doptest. På den måten kan alle som er til stades på ein festival eller eit russetreff teste drinken sin. Ved at alle har dette tilgjengeleg vil det gje ein preventiv effekt, og folk vil tenkje seg om to gangar før dei tuklar med ein drink. Mange festivalar og russetreff har signalisert at dei vil vere interesserte i produktet. Dei fekk pris for beste sosiale entreprenørskapsprosjekt.

 

K.I.D UB

K.I.D UB, som er forkorting for Keep It Dry UB består av Anja Børtnes Einan og Thea Nesse Molvik som er går studieførebuing. Dei har teke tak i problemet med at skulesekkar blir blaute når det regnar. Noko som går utover både skulesaker, bøker og datamaskiner. Nokre sekkar kjem med regnovertrekk, men ikkje alle. Dessutan er ikkje alle regntrekk like kule, noko som fører til at barn ikkje nyttar seg av det. Dei har dermed utvikla eit moteriktig regnovertrekk som passar til alle sekkar. Dei fekk pris for nest beste HR-bedrift.

 

Paosen UB

Paosen UB består av Olav Grevsnes, Johan Harald Hillestad, Mathias Rinde og Ruben Midtun Øyre som går påbygg. Dei har teke tak i det store miljøproblemet med bruk av plastposar i butikkar. Dei står på kjøpesenter og deler ut gratis miljøvennlige fleirbruksposar som folk kan nytte i staden for plastposar. Dette kan dei gjere fordi dei sel reklameplass på posane sine. Dei som nyttar posane vil dermed reklamere for bedriftene som har betalt for å få logoen sin trykt på posane.

 

Kick-off UB

Kick-off UB består av Joakim Bjørnetun, Åsmund Kjellson Nesse, Tobias Røneid Offerdal, Frode Molland Sanden, Dawid Artur Stasinski, Viktor Henjum Vee og Eirik Thomassen Øren som går studieførebuande. Dette er ein gjeng unge karar som har fått mykje glede av å spela fotball under oppveksta si. I Noreg lever me i eit bruk- og kastsamfunn, der ein gjerne bytter ut fotballskoa før dei er utsletne anten fordi dei er for småe eller fordi det er komne nye modellar på marknaden. Samstundes er det mange fattige barn rundt om i verda som verken har fotballsko eller fotballar, men som likevel likar å spele fotball. Dermed har elevane byrja å samla inn fotballsko og utstyr som dei skal sende ned til barn ved Enzyane Primary School i Sør-Afrika. Dei sel reklameplass på innsamlingsboksane sine for å få inntekter til å sende alt ned. Nokre av pengane vil dei og bruke til å kjøpe fotballar som og skal sendast ned.

 

 

Tips ein ven Skriv ut