Årdal vidaregåande skule
Årdal vgs_RGB

Melding frå miljøkoordinator og helsesjukepleiar:

Her kjem ei melding frå miljøkoordinator og helsesjukepleiar ved Årdal vgs:

Hei. Håpar at alle har det bra og at nettundervisninga fungerer rimleg godt. Det ser ut som at dette vil vara ei stund, og det kan bli lange dagar for nokre. 
Er det nokon som føler at det vert for tungt eller får andre utfordringar så ta gjerne kontakt med miljøkoordinator Helge Øren, nr: 905 11 071, eller helsesjukepleiar Siv Smedegård, nr: 975 63 271. Siv har heimekontor tysdag og onsdag alle veker, og torsdag i oddetalsveker.