MyEducation søker etter ein vertsfamilie for Sara.

Sara er elev ved Årdal vidaregåande skule inneverande skuleår. Dersom me ikkje greier å få ein ny vertsfamilie til Sara, må ho byrje på ny skule etter nyttår. Me håpar at ein familie i Årdal kan opne heimen sin for Sara.

Sara er 17 år og kom til Norge i august 2018. Ho skal vera i Norge til juni 2019. Frå januar 2019 treng Sara ny vertsfamilie. Sara trivst godt i Norge, både med skulen, noverande vertsfamilie og med dei nye vennene ho har fått i Norge. Ho er ei snill og hjelpsam jente, og jobbar godt med skulearbeid. Sara tykkjer det er kjempe spennande å vera på utveksling i Norge, der ho blir kjent med norsk kultur, nytt språk, natur og nye menneskjer.

På fritida spelar Sara fotball, men er også open for andre aktivitetar. Ho er interessert i volleyball, basketball, musikk, film og science fiction. Harry Potter, The lord of the rings og The hunger games er store favorittar.

Per dags dato går Sara på Årdal vidaregåande skule. Ho går vg2 studiespesialisering. Ho trivst godt med norsk skule og norsk skulesystem. Ho er open for å bytte skule dersom det skulle dukke opp ein vertsfamilie ein anna plass enn i Årdal, men ynskjer fyrst og fremst å bli buande i Årdal.

Det å vera vertsfamilie er ein fin høve til å bli betre kjent med ein anna kultur og eit anna språk. Ofte oppstår det livslange relasjonar og vennskap mellom vertsfamilien, utvekslingseleven og utvekslingseleven sin familie.

Aktivitetar på fritida må ho sjølv betale for, samt lommepengar til diverse som kino, klede, sko og transport til/frå skulen. Det me ber vertsfamilien om er kost og losji, og at ho får bli ein del av familien.

For å lese meir om korleis det er å vera vertsfamilien, trykk her (legger ved link)

Kunne du tenke deg å bli betre kjend med Sara? Ta kontakt med:

MyEducation
Wenche Olsen
99 28 13 00
e-post: wenche@myeducation.no