Årdal vidaregåande skule
Foto: Stig Ulvær

Foto: Stig Ulvær

NTNU studentar på besøk

Torsdag 5. januar fekk vg2 og vg3 fysikk-elevar og vg1 naturfagselevar besøk frå stundentar som studerar ved NTNU.

Silje Øvstetun og Stine Linn Skjerven, som har vore elevar på Årdal VGS, tok turen for å snakke om sivilingeniørstudiet ved NTNU. Dei delte erfaringar om universitetsfag, studiestad, studentlivet, hybeltilværelsen og studentsamfunn. Dei kom også innpå tankar om mogleg veg vidare etter studiet. Intensjonen med besøket var å informere og inspirere til vidare realfagsstudier etter vidaregåande skule. Elevane fekk godt innblikk i dei spennande og berikande universitetserfaringane til Silje og Stine Linn, og forhåpentligvis ein motivasjon for vidare realfagstudier.

bilde2a.jpg