Årdal vidaregåande skule
Foto: Catrine Jevnaker

Foto: Catrine Jevnaker

Nytt tilbod på Årdal vidaregåande skule

Frå hausten 2017 får du moglegheit til å velje faget breiddeidrett på Vg1 studieførebuande utdanningsprogram ved Årdal vgs.

Idrettslaga i Årdal, Årdal kommune, Hydro Årdal og Årdal næringssamskipnad er med å finansiere tilbodet. Det er eit 5 timars fag du kan velje i tillegg til dei andre faga du har.

Breiddeidrett passar for deg som likar å trene. I dette faget får du eit innblikk i ulike idrettsaktivitetar og lære korleis du kan drive idrett og basistrening.

Det blir undervist i både lagidrettar og individuelle idrettar.

Dine og klassen sine interesser, vil påverke val av idrett. I tillegg må idretten du vel vere eit tilbod i idrettslaget me samarbeidar med.

Det blir gitt standpunktkarakter i faget og du kan bli trekt ut til munnleg praktisk eksamen.

Læreplan Breiddeidrett .