Årdal vidaregåande skule/Elev og føresett/Reglar og rutinar/Reglement/Ordensreglement

Ordensreglement

ORDENSREGLEMENT FOR ÅRDAL VIDAREGÅANDE SKULE

 

Reglement fastsett med heimel i Opplæringslova av 17.07.98 nr. 61,§3-7 og §9A-10, og forskrift for ordensreglement, vedteke av hovudutval for opplæring i sak 6/07 og revidert i sakene 2/09 og 4/14.

 

Vedteke i skuleutvalet 23. januar 2018

Ordensreglementet gjeld frå 01.08.2017

 

 1  FORMÅL

 

Formålet med reglementet er å bidra til godt samarbeid, god trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremje nulltoleranse mot mobbing, god orden og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring.

Reglementet skal gje reglar for

  1. Elevane sine rettar og plikter.

  2. Orden og åtferd.

  3. Tiltak overfor elevar som bryt reglane og seie noko om framgangsmåten ved behandling av slike saker.

     

      2  VERKEOMRÅDE

     

Reglementet gjeld for alle elevane som er under opplæring ved skulen.
Reglementet gjeld òg for elevar i vaksenopplæringa , lærlingskuleelevar, hospitantar og andre når opplæringa går føre seg i skulen sin regi.
Reglementet gjeld òg ved opplæringsformer og aktivitetar som blir gjevne under skulen sitt ansvar og i deira regi utanfor skulen sitt område, dette så langt reglementet ikkje er  i strid med lokalt gjevne påbod eller forbod.

 

  3  RETTAR

  1. Elevane har rett til vidaregåande opplæring i samsvar med Opplæringslova,

    fylkeskommunale vedtak, gjeldande forskrifter og læreplanar.

b.I samarbeid med klassen og lærarane i klassen har elevane rett til medverknad ved

  1. Val av arbeids-, opplærings- og vurderingsformer/-metodar.

  2. Val av lærestoff innanfor rammene av læreplanane.

  3. Utarbeiding av mål og periodeplanar, og gjennomføringa av desse.

  4. Utarbeiding av reglar for godt arbeids- og læringsmiljø i klassen.

  5. Elevane har rett til å få kontinuerleg rettleiing og tilbakemelding undervegs i høve dei måla den enkelte arbeider etter.

    Det skal gjennomførast elevsamtalar i samsvar med gjeldande forskrift, minimum 1 gong i 1. termin og minimum 1 gong i 2. termin, det vil seie førebudde samtalar mellom elev og kontaktlærar, eventuelt ein annan lærar.

  6. Ved faglege, personlege eller sosiale vanskar som har innverknad på opplæringa, har elevane rett til rådgjeving, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette. Dei har vidare krav på tilgang til sosial- og spesialpedagogisk teneste.

  7. Elevane har rett til rådgjeving om utdanning og yrkesval.

  8. Elevane har rett til å ta del i skulevurdering, det vil seie ei kontinuerleg vurdering av i kva grad skulen si organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa bidreg til å nå dei måla som er fastsette for eleven/gruppa/klassen; jf. mellom anna dei generelle og fagspesifikke delane av læreplanane.

  9. Elevane har rett til og bør ta opp med skulen tilhøve som

  10. At læreplanane ikkje blir følgde.

  11. At eleven ikkje får den hjelpa han/ho ber om.

  12. Manglar ved det utstyret som blir nytta i undervisninga.

  13. Manglande medverknad i planlegginga m.v.; jf. punkt b..

  14. Dårleg læringsmiljø eller klassemiljø (t.d. mobbing).

  15. Elevane har rett og plikt til å opprette elevråd; jf. § 11-6 i Opplæringslova.

    Elevråd og elevorganisasjonar har løyve til å bruke bestemte oppslagstavler til sine formål. Brukarane har ansvaret for at etiske retningsliner blir utarbeidde og følgde for denne verksemda. Dei har òg ansvaret for at det blir rydda og at det blir halde god orden på desse tavlene. Rektor har det overordna ansvaret for at desse oppslagstavlene ikkje blir nytta til kommersiell bruk eller blir brukt på ein uakseptabel måte i høve lover og reglar.

Etter avtale med rektor kan elev- og ungdomsorganisasjonar, inkludert politiske parti, drive organisasjonsarbeid og politisk aktivitet på skulen, i og utanom skuletida. Aktivitetane skal gjennomførast på tilvist plass, og dei skal ikkje gå ut over undervisninga.
Skulen skal leggje til rette for best moglege arbeidstilhøve for elevane og elevorganisasjonane sine tillitsvalde.
Skulen skal òg leggje tilhøva til rette for at elevane blir engasjerte til medvit og aktivitet i politiske og samfunnsmessige spørsmål.
Elevrådsrepresentantar har rett til regelmessige møte med skuleleiinga.

 4  PLIKTER

 

  1. Elevane har plikt til å rette seg etter dei reglar i lov, forskrift og reglement som til kvar

      tid gjeld.

  1. Elevane pliktar å ta aktivt del i opplæringa i den forma ho blir gjeven eller avtalt.

  2. Elevane skal snarast mogleg ta kontakt med faglærar dersom han/ho ikkje kan følgje opp arbeid til avtalt tid.

  3. Elevane skal følgje gjeldande verne- og tryggleiksreglar og bruke det arbeidstøyet og verneutstyret som blir kravd i læreplanar eller som er påbode av arbeidstilsynet, departementet eller skulen.

  4. Elevane skal skaffe seg læremiddel, materiell og utstyr til eige bruk som skulen ikkje held.

    Pålagt materiell/utstyr eller betaling for dette må ikkje vere i strid med forskrifter frå departementet og vedtak i fylkeskommunale organ.    

  5. Eigedom og utstyr som tilhøyrer skulen skal behandlast med varsemd og omtanke. Hærverk og skade kan medføre erstatningsansvar; jf. skadeserstatningslova.

  6. Elevar som gjennom arbeidet sitt, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjende med opplysningar som er underlagde teieplikt, har teieplikt etter reglane i § 13 i forvaltningslova. Teieplikta gjeld òg etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring.

     

    5  ARBEIDS- OG LÆRINGSMILJØET

Eit godt arbeids- og læringsmiljø er grunnleggjande for god opplæring.

Det skal difor leggjast vekt på å skape eit godt miljø prega av engasjement, aktiv deltaking og gode samarbeidsformer. Det er viktig å vise respekt, leggje til rette for medansvar og unngå eller hindre åtferd som har negativ innverknad på miljøet.

  1. Alle må ta omsyn, opptre realt og høfleg overfor kvarandre. Plaging, mobbing, vald eller

    anna krenkjande åtferd blir ikkje akseptert, og alle pliktar å hindre at dette skjer.

    Skulen og dei tilsette har aktivitetsplikt når det gjeld mistanke om mobbing:

  2. Plikt til å følgje med

  3. Plikt til å gripe inn i akutte situasjonar

  4. Plikt til å varsle all mistanke og kjennskap til leiinga ved skulen

  5. Plikt til å undersøke all mistanke og kjennskap

  6. Plikt til å setje inn tiltak når eleven ikkje har ei trygt og godt skulemiljø

Det er ei skjerpa aktivitetsplikt i saker der tilsette krenker elevar. Viss ein tilsett får mistanke om eller kjennskap til at ein anna tilsett på skulen utset ein elev for krenking, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkommande straks varsle rektor og rektor varsle skuleeigar.

Skulen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak:

  • Kva problem som skal løysast

  • Kva tiltak skulen set inn

  • Når skal tiltaka gjennomførast

  • Kven har ansvar for gjennomføring av tiltaka

  • Når skal tiltaka evaluerast

  • Arbeidsvanane i vidaregåande opplæring skal vere prega ansvar, orden og det å vere ryddig, punktleg og påliteleg.

  • Det er viktig for trivselen at det blir halde god orden over heile skulen både ute og inne. Alle skal opptre slik at krav til hygiene og helse blir ivareteke.

  • Røyking, inkludert e-sigarett, og snusing er forbode i skuletida. Forbod mot tobakksbruk på skulen sitt område og i skulen sine lokale gjeld heile døgnet.

  • Bruk eller oppbevaring av rusmiddel er forbode på skulen sitt område. Det er òg forbode å

    vere påverka av rusmiddel.

  • Det er forbode å ha med seg farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område.

  • Elevane får ikkje bruke skulen sitt abonnement på Internett tilchatting, nedlasting og bruk av spel. Elevane får ikkje laste ned, lese eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna materiale som blir oppfatta som krenkjande eller som er i strid med norsk lov. PC-en skal nyttast til faglege aktivitetar. Læraren bestemmer når PC-en skal vere på.Mobiltelefonar skal normalt vere avslegne under opplæringa, og kan dragast inn og oppbevarastav læraren i timane.

     

      6  OPPMØTE OG FRÅVÆR

     

Fråvær skal meldast til skulen frå første dag til kontaktlærar eller på følgjande tlf.nr :

Yrkesfag:                         Henny Midtun                                                 57 63 84 02

Studieførebuande:           Sonja Hestetun                                              57 63 84 03

Sentralbord:                      Hans Otto Tråi/Anita Øvstetun Laberg         57 63 84 00

 

Forseintkomming på 20 minuttar eller meir blir rekna som fråvær.

 

Viser til Fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

 

  7  FUSK ELLER FORSØK PÅ FUSK
 

Følgjande blir rekna som fusk:

  1. Bruk av hjelpemiddel som ikkje er tillatne.

  2. Kommunikasjon om oppgåveløysinga med andre i ein prøvesituasjon.

  3. Avskrift av andre sitt arbeid som blir innlevert som eige produkt.

    Fusk eller forsøk på fusk blir sett på som ei uærleg handling, eit tillitsbrot og eit brot på gjeldande forskrifter og reglement.

    Karakteren på den prøven/innleveringa dette gjeld, blir annullert. Konsekvensane av dette kan bli at eleven ikkje får termin- eller standpunktkarakter. Såleis kan eleven miste retten til å gå opp til eksamen i faget.

    Dersom ein elev blir teken i fusk eller forsøk på fusk i samband med eksamen, skal dette straks meldast til rektor og/eller eksamensansvarleg og behandlast etter reglane i den sentralt gjevne forskrifta.

     

      8  KONSEKVENSAR FOR ELEVAR SOM BRYT

    REGLEMENTET

     

Brot på reglementet vil resultere i reaksjonar mot eleven i form av refsingstiltak eller særskilde tiltak.

Refsingstiltak vil vere:

  1. Påtale frå ein av dei tilsette ved skulen.

  2. Bortvising frå klasse/gruppe for resten av timen etter avgjerd teken av faglærar.

  3. Bortvising frå skulen for resten av skuledagen etter avgjerd teken av skuleleiinga.

    Ved alvorlege brot på ordensreglementet eller dersom negative tilhøve ikkje blir betre, kan særskilde tiltak setjast i verk.

    Særskilde tiltak er:

    Bortvisning §9A-11

  4. Bortvising av eleven inntil fem skuledagar etter rektor si avgjerd.

  5. Bortvising for resten av skuleåret etter Fylkesdirektøren for opplæring si avgjerd.

  6. Avgrensa tilgang til spesielle aktivitetar ved gjentekne eller alvorlege brot på reglar/retningsliner for slike aktivitetar.

  7. Ved skade og liknande på skulen sin eigedom blir det stilt krav om reingjering/istandsetjing eller betaling av erstatning.

  8. Dersom ein elev har brote reglementet, vil dette bli teke omsyn til ved fastsetjing av termin- og standpunktkarakter i orden og åtferd.

     

9  SAKSBEHANDLING

 

Eleven skal kunne forklare seg før refsingstiltak blir sett i verk.

Ved særskilde tiltak skal rektor først rådføre seg med eleven sine lærarar. Før særskilde tiltak blir sette i verk, skal skulen først vurdere behov for og i kva grad det er mogleg med alternative tiltak.

Særskilde tiltak blir rekna som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Eleven har såleis rett til dokumentinnsyn, partsuttale og klage på vedtak om bortvising, jf. kapittel IV-VI i forvaltningslova. Eleven har krav på rettleiing om partsrettar og framgangsmåte ved klage.

Klageinstans for vedtak om tap av rett til vidaregåande opplæring er Fylkesmannen. For dei andre vedtaka er fylkeskommunen klageinstans.

 

 10  KONTAKT SKULE - HEIM

 

Skolen skal halde kontakt med foreldra til elevar som ikkje er myndige etter

verjemålslova § 1 gjennom heile opplæringsåret.

Skolen skal i starten av opplæringsåret på Vg1 og Vg2 halde eit foreldremøte der

foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og

anna som er relevant for foreldra.

Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret

rett til minst ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven

arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med

foreldra om utviklinga til eleven i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for

opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal

samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere

med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven

etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13.

 

Foreldra til ikkje myndige elevar skal få munnleg eller skriftleg:

a) varsling om eleven sitt fråvær

b) varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og

oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden

eller oppførsel, jf. § 3-7

c) informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter opplæringslova og forskrifta

d) anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter

anna lovgiving.

 11  SÆRSKILDE TILLEGGSREGLAR FOR SPESIELLE OMRÅDE

Utplassering og ekskursjonar.

  1. Reglementet gjeld også ved utplassering i arbeidslivet og ved ekskursjonar.

  2. Elevar skal ikkje ha ansvar for transport ved opplæring utanfor skulen.

    Ordensplan Årdal vidaregåande skule

    Formål:

  3. Halda orden i klasseromma og alt fellesareal på skulen

  4. Auka trivselen på skulen

  5. Skapa gode haldningar blant elevar og lærarar med omsyn til orden.

    Ordenselev:

  6. Kvar klasse har sin ordenselev.

  7. Opphengde lister viser kven som er ordenselev kvar veke.

    Rydding i klasseromma:

  8. Hovudrydding pågår siste 5 minutt av siste time kvar dag. Elles om dagen har alleelevane og lærarane ansvar for at klasseromma er ryddige.

    Rydding i gangane:

  9. Det skal vere plassert bosbøtter på lett tilgjengelege stader i gangane. Elevane sjølve har ansvar for at det er orden i gangane. Papir, tomflasker, tallerkenar osv. skal ikkjestå att i gangane.

    Rydding ved inngangane til skulen:

  10. Her gjeld same reglar som for rydding i gangane. Dersom det viser seg naudsynt, vert klassar utkommanderte til rydding etter behov.

    Rydding i kantina:

  11. Alle som brukar kantina, må rydde etter seg. Servise og tomflasker skal setjast på plass på tilvist stad. Papir skal kastast i bosbøttene.

    Elevane sitt ansvar:

  12. Halda orden

  13. Utføra ryddinga.

  14. Ha ansvar for at ryddinga vert utført.

    Ordenselevane sitt ansvar:

  15. Ordenseleven har ansvar for at ryddinga kjem i gang.

  16. Ordenseleven fordeler arbeidsoppgåvene.

    Lærarane sitt ansvar:

  17. Halda orden.

  18. Informera elevane om ryddeordninga.

  19. Sjå etter at ryddinga blir utført kvar dag:

  20. Rydding i klasseromma

  21. Halda eit auge med gangar og uteområde. Varsla administrasjonen når ein meiner det er naudsynt med eit ekstra tak her.

  22. Ikkje sleppa nokon av elevane heim før ryddinga er godkjend.

    Kontaktlærarane sitt ansvar:

  23. Informera klassane om ordninga ved skulestart.

  24. Setja opp ordenslister.

    Skulen sitt ansvar:

  25. Informera lærarar og elevar om ryddeordninga.

  26. Halda kost/brett og anna utstyr lett tilgjengeleg.

  27. Laga ryddelister i kvart klasserom der det kjem fram kven som skal rydda, kva som skal ryddast og når det skal ryddast.

 

Ordensreglement i pdf format

 

 

Tips ein ven Skriv ut