Årdal vidaregåande skule
Elev

Foto: Erik Edsberg 2017

Prøvde seg i runde 1 i Abelkonkurransen

Torsdag 9.november deltok elevar frå VG1 og VG3 studiespesialisering i 1. runde av Abelkonkurransen, oppkalla etter den kjente norske matematikaren Niels Henrik Abel som døydde i 1829, berre 26 år gammal.

Abelkonkurransen er ein individuell konkurranse i matematisk problemløysning for elevar i den vidaregåande skulen. Elevane som gjer det best vil gå vidare til nye rundar og kan til slutt kvalifisere seg til IMO (den internasjonale matematikkolympiaden).

Me snakka med Eirik på VG1 og Sara på VG1 som deltok i runde 1.

Kva syns du om Abel-konkurransen?

Sara: Eg syns det er bra at dei lagar slike konkurransar for dei som interesserer seg for det.

Eirik: Det var på eit litt høgare nivå enn det eg er vant til. Det var nokre symbol og uttrykk som eg aldri hadde sett før.

På spørsmål om kva dei syns om oppgåvene, svarar Sara at det var muleg å få til nokre av dei. Eirik er ganske sikker på at han hadde fleire svar rett. I tillegg er han litt irritert på seg sjølv fordi det var ei oppgåve som han hadde gjort feil, men som han ved nærare ettersyn trur han kunne fått til likevel.

Har du delteke i Abelkonkurransen tidlegare?

Sara: Eg har ikkje delteke tidlegare.

Eirik: Eg deltok i ein tilsvarande konkurranse for 9.klasse (UngeAbel) der me konkurrerte klassevis. Det var oppgåver som var i samme gate.

 

Me seier takk til Sara og Eirik for deltakelse og tilbakemelding på konkurransen!