Årdal vidaregåande skule
Foto: Privat

Foto: Privat

Samarbeid mellom skule og lokalt arbeidsliv - realfagsatsing

Årdal VGS er med i ein nasjonal realfagssatsing kalla Lektor2-ordninga som med samarbeid mellom skule og lokalt arbeidsliv skal auka interessen for realfag hos elevane. I år hadde førsteklasse på studieførebuande (1STA) eit spennande opplegg saman med NorSun på Årdalstangen beståande av:

  • Omvisning på Norsuns produksjonsanlegg

  • Foredrag om solceller i eit framtidsretta miljøperspektiv

  • Elevoppdrag tilknytta foredraget og omvisninga

På omvisninga fekk elevane først sjå korleis man lagar høgkvalitets silisiumblokker og – skiver(såkalla wafere) til bruk i høgeffektive solceller. Deretter fekk skulen besøk av ein representant for NorSun, Frank Øvstetun, for å snakka med elevane om solceller i eit framtidsretta miljøperspektiv, samt litt om kvifor monokrystallinske solceller har betre verknad enn multikrystallinske. I tilknytning til dette fekk elevane i oppdrag å undersøke miljøvennlegheita ved bruk av solceller i Årdal. Nærmare bestem skulle elevane berekne kor mykje kullkraftprodusert straum og tilhøyrande CO2 – utslepp man kunne spara ved å ha verdensledande monokrystallinske solceller(med silisiumskjever frå NorSun sjølvsagt) på taket til ein av skulen sine fløyar, slik at miljøvennleg vatnkraftprodusert straum kan eksporteres og erstatta kullkraftprodusert straum andre stader i Europa. Oppdraget klarte elevane med glans. Kven skulle tru at eit solcelleanlegg på Årdal vidaregåande skule(som produserer ca. 120000 kWh/år) kan redusera utslepp av CO2 tilsvarande rundt 520 flyturer frå Oslo til London per år?

Foto: Privat

Foto: Privat