Årdal vidaregåande skule
Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Skulestart 2021/2022

Informasjon om skuleåret 2021/2022

Velkommen til nytt skuleår!

Årdal vidaregåande skule ønskjer alle elevar velkomne til nytt skuleår. 

Skulen tek til måndag 16.augsut kl 09.55. Møt opp i god tid i kantina.

Skuletider: Skuletidene er tilpassa buss til/frå Aurland og Lærdal.Det er møtetid for lærarane mandag 08.10-09.50, og elevane startar derfor kl 09.55 på mandagar. Møtetida onsdagar frå kl. 10.45-11.30, skal brukast som møtetid også for elevane.

Skuleskyss: Bur du meir enn 6km frå skulen skal du søkje om skuleskyss. På skyss.no og kringom.no finn du alt du treng å vite om skuleskyss. 

Hyblar: Dersom du treng hybel, kan du ta kontakt med skulen på tlf 57648400

Gratis læremiddel: Alle elevar vil få gratis læremiddel.

Søknad om lån og stipend: www.lanekassen.no

Elev-pc: Alle elevar skal ha bærbar datamaskin. Dette finn du informasjon om her.

Føresette til elevar på vg1 og vg2 vil bli invitert til møte i starten av skuleåret. Nærare invitasjon blir sendt heim med elevane.

Årdal vidaregåande skule er røyk- og snusfri.

Me ønskjer deg vel møtt til eit nytt skuleår.