Årdal vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Spesialpedagogikk
Elev med downs, spelar trommer

Tilrettelagt opplæring

Årdal Vidaregåande Skule tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar med særskilte behov.

Undervisninga vert tilrettelagt ut i frå den enkelte elev sitt behov og meistringsnivå, og med utganspunkt i sakkyndig vurdering.

Alle elevane med rett til spesialundervisning får utarbeida individuell opplæringsplan (IOP).

IOP vert utarbeida av faglærarar og kontaktlærar med utgangspunkt i  skulens enkeltvedtak. Vedtaket blir gjort etter samtalar med elev og føresette, observasjonar samt anna relevant informasjon. I overgang frå tidlegare skule til den vidaregåande skulen er avgjevarskulen og PPT  ein naturleg samarbeidspartnar.

Mål for skulen er

  • å gje den enkelte elev ein framtidsretta og trygg skuledag med fokus på trivsel, meistring, tilhøyra, og samspel med andre.

  • å førebu eleven til eit mest mogleg sjølvstendig liv i forhold til vidare skulegang, arbeid og/ eller busituasjon.

  • å gje den enkelte tilpassa utfordringar som opplevast som morosamt, utviklande og meiningsfullt.

Årdal Vidaregåande Skule nyttar måla i Kunnskapsløftet der likeverd og solidaritet til den enkelte elev med særskilte behov står sentralt. Den tilrettelagte opplæringa vert tilpassa den enkelte elev både i fag, alderstrinn, meistrings- og utviklingsbehov.

Opplæringa kan føregå i klassen, i ei lita gruppe eller ein til ein.

Elevane har eit variert tilbod

Nokre elevar kan følgje klassen, eller vere i mindre grupper i fellesfaga norsk, engelsk, naturfag, kroppsøving og mattematikk.

Nokre elevar kan følgje eitt eller programfag knytt til programområdet dei tilhøyrer.

Nokre elevar har eige opplegg der me tilbyr fag etter interesse og utviklingsnivå. Til dømes:

  • ADL(aktiv dagleg læring)

  • Musikk, dans og bevegelse

  • Mat og helse

  • Verkstad med estetiske fag

  • Ungt entreprenørskap (UE) , Ungdomsbedrifter

  • IKT

Ved behov nyttar skulen andre eksterne faginstansar i samarbeid rundt den enkelte elev som til dømes PPT, Vekstbedrifter, spesialomsorga og lokalt næringsliv.

Alle elevar med særskilte behov får og tilbod om deltaking i fellesaktivitetar i regi av skulen, som til dømes skidag, balldag og den Kulturelle skulesekken

Årdal Vidaregåande Skule sin visjon og logo er "Kom motivert, reis dedikert".

Den ligg alltid i botnen for skulen sitt tilbod til alle elevar.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Hanne Wigdahl Huun

spes.ped koordinator

hanne.wigdahl.huun@sfj.no

948 66 695