Årdal vidaregåande skule
verdiar

Ungdata-undersøking

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kartleggje livskvalitet og levekår for alle elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket. På Årdal vidaregåande skule vil denne undersøkinga føregå i veke 12.

Formålet er å kartleggje ulike sider ved livsstilen og levekåra til ungdom. Resultata frå undersøkinga vil kunne danne grunnlag for ungdomspolitikken og det førebyggjande arbeidet retta mot ungdom i Sogn og Fjordane. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom.

Det tek ca. éin skuletime å fylle ut spørjeskjemaet. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om korleis ungdom bruker fritida si, om trivsel, kor mykje religion betyr i kvardagen, og kva slags tilhøve dei har til skule, venner og vaksne i nærmiljøet. Det vil også verte stilt spørsmål om tema som seksualitet, mobbing, psykisk helse, vald og rusmiddel. I tillegg kjem spørsmål om foreldra sitt utdanningsnivå, økonomiske situasjon, landbakgrunn og butilhøve. Meir utfyllande informasjon finn du på www.ungdata.no. Føresette som ønskjer det, kan få tilsendt heile spørjeskjemaet ved å kontakte KoRus Vest Bergen.

Elevane svarer på spørsmåla ved å logge seg inn på www.svar-ungdata.com med eit tilfeldig tildelt brukar-namn. Elevane vert informerte om at deltaking er frivillig, og at dei kan hoppe over enkeltspørsmål. Alle ungdommar som deltek er sikra full fortrulegskap og diskresjon. Det vil seie at berre forskarar i prosjektet og firmaet som registrerer dei elektroniske svara vil få tilgong til desse. Det er frivillig å delta, og elevene kan trekke seg når som helst frå undersøkinga utan å gje ein grunn. Det vil på ingen måte få negative konsekvensar for eleven. Når spørjeskjemaet blir delt ut, vil elevene bli minna om dette og om at undersøkinga er konfidensiell.

Føresette kan reservere seg mot at deira barn skal delta, ved å gje beskjed til kontaktlæraren. For at undersøkinga skal ha nokon verdi, er det viktig at så mange som mogleg deltek. Ved ytterlegare spørsmål knytt til undersøkinga, ta kontakt med spesialkonsulent Randi Vartdal Knoff ved KoRus Vest Bergen (55 90 86 32/randi.vartdal.knoff@bergenclinics.no) eller kontaktperson for undersøkinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Mie Dahl Pind (57638026/ mie.dahl.pind@sfj.no).