Årdal vidaregåande skule
Illustrasjonsfoto

Velkomen til nytt skuleår 2019-2020

Årdal vidaregåande skule ønskjer alle elevar velkomne til eit nytt skuleår. 

Skulen tek til måndag 19. august 2019 kl. 09.55. Møt opp i god tid i kantina.

Skuletider: Skuletidene er tilpassa buss til/frå Aurland og Lærdal. Det er møtetid for lærarane måndag frå kl. 08.10-09.50, og elevane startar derfor kl.0955 på måndagar. Møtetida torsdagar frå kl.12.00-12.45 skal brukast som møtetid for elevane.

Skuletider 2019-2020:

2.jpg

 

 

Skuleskyss: Bur du meir enn 6 km frå skuen skal du søke om skuleskyss. Nærare informasjon om dette finn du her. Elevane må ta vare på busskoret som dei får. Dette skal brukast alle år ein går på skule. Dette gjeld også dersom ein byttar skule. Dersom ein ikkje har kort, så melder ein dette til ekspedisjonen på skulen. Bestilling av nytt busskort kostar kr 100.


Bussrute: 

Bussruter.jpg

 

Parkering: Årdal vidaregåande skule har fått heilt ny sykkel- og bilparkering. Parkering av syklar, mopedar og scooterar skal skjed ved eigen plass ved hovudinngangen til skulen. Bilparkering skal skjed ved den nye parkeringa vår som ligg nede ved elva.

Parkering.png

 

Hyblar: Skulen har ei liste over hyblar som er blitt brukt av elevar på Årdal vidaregåande skule. Ta kontakt med Anita Laberg Øvstetun for å få tilsendt denne lista. Tlf: 57 63 84 19.

Gratis læremiddel: Alle elevar vil få gratis læremiddel. Elevane må signere ein kontrakt for lån av læremiddel. Denne blir utdelt første skuledag. 

Søknad om lån og stipend: Søknad sendes inn via www.lanekasen.no. Dersom du har spørsmål angåande søknad om stipend og lån, ta kontakt med Anita Laberg Øvstetun i ekspedisjon. 

Elev-pc: Alle elevar skal ha bærbar datamaskin. Informasjon om dette finn du på www.sfj.no/elevpc. 

Føresette til Vg1 og Vg2 vil bli invitert til foreldremøte. 
Vg1 - torsdag 29. august 
Vg2 - torsdag 5.september

Nærare informasjon vil bli sendt heim med elevar. 

Me minner om at Årdal vidaregåande skule er røyk- og snusfri.

Me ønskjer deg vel møtt til eit nytt skuleår.

Tips ein ven Skriv ut