Årdal vidaregåande skule
skulen021

Velkomen til nytt skuleår!

Årdal vidaregåande skule ønskjer alle velkomne til eit nytt skuleår.

Skulen tek til måndag 20.august 2018 kl.09.55. Møt opp i god tid i kantina.

Skuletider: Skuletidene er tilpassa buss til/frå Aurland og Lærdal. Sjå oversikt over skuletidene lengre ned i artikkelen. Det er møtetid måndag morgon for lærarane, og elevane startar derfor kl.09.55 på måndagar, medan møtetida torsdagar også skal brukast som møtetid for elevane.

Skuleskyss: Bur du meir enn 6km frå skulen skal du søkje om skuleskyss. Nærare informasjon om dette finn du her: skuleskyss.sfj.no 

Hyblar: Skulen har ei liste over hybelertar. Ta kontakt med oss på telefon dersom du er ute etter hybel.

Gratis læremiddel: Alle elevar vil få gratis læremiddel. Elevane skriv under ein kontrakt for dette. Denne låg vedlagt i brevet som er sendt ut til alle elevar.

Søknad om lån og stipend finn du på www.lanekassen.no

Elev-pc: Alle elevar skal ha bærbar datamaskin. Dette finn du informasjon om på www.sfj.no/elevpc
NB! Dersom du skal gå i GMU-klassen, så får du låne pc hjå skulen. GMU elevar kan ikkje søke om elev-pc.

Føresette til elevar på Vg1 og Vg2 vil bli invitert til foreldremøte i starten av skuleåret. Nærare invitasjon blir sendt heim med elevane.

Me minner om at Årdal vidaregåande skule er røyk- og snusfri.

 

Me ønskjer deg vel møtt til eit nytt skuleår!

 

Timeplan 18/19