Årdal vidaregåande skule/Om oss/Slik jobbar vi/Verdiar
verdiar_1024x384

Visjon og verdiar

Visjon:

Slagord vårt er «KOM MOTIVERT, REIS DEDIKERT». Skulen skal vera ein dynamisk og framtidsretta stad å vere og lære. Årdal vidaregåande skule skal skapa eit inkluderande miljø prega av trivsel, omsorg og tryggleik. Den enkelte eleven skal få vidareutvikla kunnskapane, haldningane og dugleikane sine til beste for seg sjølv og fellesskapet.

Gjennom ei aktiv rolle skal eleven utvikle seg både fagleg og personleg til å vera godt førebudd til å delta i samfunns- og arbeidslivet etter vidaregåande.  

Entreprenørskap og internasjonalisering er sentrale satsingsområde. Årdal vidaregåande skule ønskjer å vera eit ressurssenter og ein regional utviklingsaktør gjennom eit tett og godt samarbeid med privatpersonar, offentlege etatar, lokalt næringsliv og opplæringskontor. Skulen nyttar natur - og kulturlandskapet som ein viktig opplæringsarena.

 

Verdiar:

Årdal vidaregåande skule er ein liten kombinert skule som jobbar bevisst og systematisk for å få til eit godt læringsmiljø. Det er viktig at alle blir sett, at me samarbeider og har respekt for kvarandre og akseperer at me er forskjellige.

Me jobbar systematisk med læringsmiljøet, og er opptekne av openheit, tillit og god samhandling mellom elevane og dei tilsette. Det er viktig for oss å legga vekt på det psykososiale miljøet, og ha synlege og aktive vaksne som fangar opp elevar som har behov for kontakt og hjelp.  

Eit godt klassemiljø er viktig for god læring. Difor har me ekstra fokus på Den gode læringsøkta og god klasseleiing, og at me har kompetente lærarar som er opptekne av kvalitet i opplæringa til det beste for kvar enkelt elev.

Tips ein ven Skriv ut