Årdal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/VG1 Service og samferdsle

Vg1 Service og samferdsel

På Vg1Service og samferdsle ved Årdal vidaregåande skule får du ein god blanding av praktisk og teoretisk opplæring.

Fag på vg1 Service og samferdsle

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 12 timar per veke
  • Programfag: 17 timar per veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 6 timar per veke

Programfag

Administrasjon og økonomi, 6 timar per veke


Faget handlar om å følje opp den daglege drifta av ei bedrift, med tema som

  • Rekruttering og tilsetjing
  • Føre rekneskap
  • Lage budsjett
  • Vurdere prisar på varer og tenester
  • Lære om å etablere ei bedrift

Marknadsføring og sal, 6 timar per veke

Faget handlar om marknadsføring av bedrifter og samspelet mellom kunde og den tilsette i sals- og servicesituasjonar. Arbeidsoppgåver her vil vere

  • Lage marknadsplan
  • Lære om å gje god service
  • Lage skriftleg informasjons- og reklamemateriell
  • Lære om lover og reglar som gjeld ved sal til oss forbrukarar
  • Lære om netthandel
  • Å ha fokus på helse, miljø og tryggleik (HMT)

Tryggleik og transport, 5 timar per veke

I dette faget arbeider vi no med tema som tidlegare høyrde til ulike programfag.

Faget har fokus på helse, miljø, tryggleik og etikk i alle delar av ei bedrift. Kompetansemåla handlar om hovudområda tryggleik, transport og reiseliv:

  • Vurdere tiltak for å sikre verdiane i ei bedrift
  • Føreta risikovurderingar for å unngå uønska hendingar i bedrifta
  • Ulike vurderingar før bedrifta vel kva for type transport den vil bruka ved kjøp og sal av varer og tenester
  • Vurdere tryggleiken for transport av personar, varer og tenester
  • Reiseliv og å planlegga gode reiseopplevingar
  • Følje etiske normer, reglar for personvern og krav til HMT

I alle programfaga har vi stort fokus på praktisk bruk av datateknologi.

Opplæringa vil leggja til rette for samarbeid, sjølvstendig arbeid og praktisk bruk av kunnskap.

Yrkesfagleg fordjuping (YFF)

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet.

Vg1 Service og samferdsel rekrutterer til vidare utdanning og lærefag innan desse 8 fagområda:

  • Salsfaget
  • Kontor- og administrasjonsfaget
  • Tryggleiksfaget
  • Reiselivsfaget
  • Resepsjonistfaget
  • IKT-faget
  • Logistikkfaget
  • Yrkessjåførfaget

Sidan vi har utdanning i Vg2 Sal, service og tryggleik, vil vi i PTF ha mest fokus på dei 3 fyrstnemnde lærefaga.

Vi legg vekt på praktisk læring, og har difor dei siste åra tilbydd elevane yrkespraksis i ca. halvparten av timane i faget. Dei fleste elevane får slik praksis i bedrifter i Årdal, men vi brukar også bedrifter i nabokommunane.

Fellesfag

  • Matematikk, 3 timar per veke
  • Engelsk, 3 timar per veke
  • Norsk, 2 timar per veke
  • Naturfag, 2 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke
Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Henny Midtun

Avdelingsleiar

Henny.midtun@sfj.no

576 38 402

Relaterte lenker