Årdal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon/VG1 Teknikk og industriell produksjon

Foto: Årdal vgs
Vg1 teknikk og Industriell produksjon
På Vg1 Teknikk og industriell produksjon ved Årdal vidaregåande skule får du ein god blanding av praktisk og teoretisk opplæring.
Fag på vg1 Teknikk og industriell produksjon
Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i
- Fellesfag: 12 timar per veke
- Programfag: 17 timar per veke
- Yrkesfagleg fordjuping: 6 timar per veke
Programfag
- Produksjon, 7 timar per veke
- Dokumentasjon og kvalitet, 5 timar pr veke
- Tekniske tenester, 5 timar per veke
Yrkesfagleg fordjuping (YFF)
Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer me gjennom:
- Bedriftsbesøk
- Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
- Arbeid på verkstad
Fellesfag
- Matematikk, 3 timar per veke
- Engelsk, 3 timar per veke
- Norsk, 2 timar per veke
- Naturfag, 2 timar per veke
- Kroppsøving, 2 timar per veke