Årdal vidaregåande skule/Eid vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign/Vg2 Frisør
IMG_20210125_100447

Vg2 Frisør

For deg som:

  • Vil arbeide kreativt med fokus på hår, skjegg og styling
  • Er oppteken av motar og trendar
  • Likar å arbeide med eit fag som er i stadig utvikling
  • Likar å arbeide med folk

Galleri

DSC_0221
IMG_20210121_143148
IMG_20210121_143259
IMG_20210125_100505
MicrosoftTeams-image (21)

Noko av det du lærer på frisør:

  • Tradisjonelle og nye teknikkar i frisørfaget
  • Produksjon av frisørarbeid i bedrift
  • Kundebehandling
  • Gje råd og rettleiing om hårfasong og produkt

Moglegheiter etter vg2 frisør:

  • 2 år lære i bedrift som fører til sveinebrev i frisør
  • Eit år påbygg for å få generell studiekompetanse

Etter frisørutdanning kan du:

  • Drive eiga verksemd
  • Arbeide internasjonalt
  • Vidare kursing innan mellom anna sminke, hudpleie, negldesign og maskør- og parykkmakar
  • Drive med konkuransefrisering

Frisørfaget har lange tradisjonar og skal fylle behov for profesjonell utføring av hårpleie og frisyredesign. Frisørfaget skal bidra til nyskaping gjennom orientering i internasjonalt perspektiv. Det skal gi forståing for og erfaring med utvikling og produksjon av frisørarbeid på grunnleggjande nivå. Undervisninga skal stimulere til kreativitet i utforming av design, til problemløysning og val av arbeidsmåtar i frisørarbeidet. Undervisninga skal bidra til forståing for forholdet mellom produksjon, ressursforvaltning, marknad og økonomi. Undervising skal også bidra til merksemd på etiske problemstillingar til frisørfaget.
I opplæring skal det leggjast vekt på praktisk arbeid med hår og hårprodukt, frisørverktøy samt grunnleggjande teknikkar. Opplæringa skal bidra til å utvikle sosial kompetanse og evne til kommunikasjon med kundar og fagpersoner frå ulike miljø, og dermed legge grunnlag for profesjonell yrkesutøvelse i ulike samanhengar.

Sjå meir av vårt arbeid på instagram: @frisor_eid_vgs

Eid vidaregåande skule

Som elev ved Eid vidaregåande skule får du vere med å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset, spesielt den årlege skulemusikalen som elevane produserer. Du får samarbeide med elevar frå andre klassar og faglærarar med ulik kompetanse. Gjennom samarbeid med Opera Nordfjord får ein moglegheit til å ta del i arbeidet med ei operaoppsetting og arbeide saman med profesjonelle fagfolk innan kulturfeltet.

Felles tilbod for elevar ved Eid vgs

  • Kvar veke er det open skule med aktivitetar og gratis middag
  • Valfaga musikal og breiddeidrett
  • Tilgong til treningsrom
  • Stor flott kantine
  • Kantina tek omsyn til allergiar m.m.

 

Kontakt

Avdelingsleiar 
Ove Lillestøl
415 30 811
ove.lillestol@vlfk.no

kreativefageidvgs@vlfk.no