
Vg2 Kjemiprosess
Garantert læreplass om du vel Vg2 kjemiprosess ved Årdal vidaregåande skule
Sjå video om korleis det er å vere elev på Vg2 kjemiprosess her:
Går du på Vg1 teknikk og industriell produksjon bør du vurdere å søke fylkeslinja Vg2 kjemiprosess ved Årdal vidaregåande skule. Her er grunnane:
1. Mange spennande læreplassar hjå bedrifter som:
- Hydro
- NorSun
- Equinor
- Tine
- Elkem
Det er faktisk så mange læreplassar at det dei siste åra ikkje har våre nok elevar til å fylle plassane. Personalansvarleg ved Hydro, Geir Nordnes, går så langt at han kan garantere læreplass til alle som fullfører vg2 kjemiprosess.
Klikk på bildet for video om korleis det er å vere lærling i Equinor
Klikk her for å lese meir om korleis det er å vere lærling i Equinor
Klikk på bilda for video om korleis det er å vere lærling i Hydro
Klikk her for å lese meir om å vere lærling i Hydro
2. Gode moglegheiter for sikker jobb etter læretida
Industrien treng arbeidskraft i åra framover, og med fagbrev vil ein vere kvalifisert til mange spennande jobbar.
Prosessoperatør/prosessteknikar eller laborant.
Bransjar:
- Farmasøytisk industri
- Petrokjemisk industri
- bioteknologisk industri
- Næringsmiddelindustri (brus, øl, mat osb.)
- Kjemisk industri
- Bergindustri
- Metallindustri
3. Godt læringsmiljø ved Årdal vidaregåande skule
Skulen tilbyr ein kombinasjon av praktisk og teoretisk undervisning med 6 veker utplasseing og fleire bedriftsbesøk rundt om i fylket. Ein kan vere utplasser hjå bedrifter som:
- Hydro Aluminium
- Statoil Mongstad
- Hansa bryggerier
- Årdal kommune
- Tine i Byrkjelo
- Lerum industrier
- NorSun
4. Godt hybelmiljø og gode fritidsaktivitetar
Rundt 40 av dei 200 elevane ved Årdal vidaregåande skule er hybelbuarar. Skulen hjelper til med å finne passande hybel, og det blir arrangert fleire sosiale aktivitetar for elevar i løpet av året. Miljøkoordinatoren ved skulen er sentral i dette arbeidet. Det er også mange moglegheiter innan idrett, kultur, musikk og fritidsaktivitetar i Årdal.
Etter å ja gått Vg2 kjemiprosess kan du ta fagbrev som prosessoperatør/prosessteknikar eller som laborant. Du treng ikkje spesielle forkunnskapar i kjemi for å gå kjemiprosess. Du lærer det du treng på skulen og kan bli prosessoperatør.
Opplæringa delast inn i
- Fellesfag, 9 timar pr. veke
- Programfag, 17 timar pr. veke
- Yrkesfagleg fordjuping, 9 timar pr. veke
Programfag
- Dokumentasjon og kvalitet, 5 t
- Kjemisk teknologi, 6 t
- Produksjon og vedlikehald, 6 t
Fellesfag
- Samfunnsfag, 3 t
- Engelsk, 2 t
- Norsk, 2 t
- Kroppsøving, 2 t
Yrkesfagleg fordjuping (YFF)
Yff skal blant anna gi deg eit godt grunnlag for å velgje lærefag og ein mulegheit for å knytte kontakt mot potensielle lærebedrifter. På Årdal vgs får du 6 veker yrkespraksis, og du kan velgje blant anna mellom desse bedriftene: Hydro Aluminium Årdal, Norsun Årdal, Statoil Mongstad, Elkem Svelgen.
Me legg til rette slik at du kan ha yrkespraksis i ei bedrift nær heimstaden din, dersom det er ønskjeleg.
Elles nyttar ein YFF til
- bedriftsbesøk
- arbeid på verkstad
- fordjuping innan ulike deler av fagområdet.
Les meir om kjemiprosess på Vilbli.no Kjemiprosess