Årdal vidaregåande skule
Kick off entreprenørskap

Vinnarar "Kick off Entreprenørskap"

Tysdag 17. september var det kick off i entreprenørskap på Årdal vidaregåande skule.

I løpet av dagen skulle dei ulike gruppene komme fram til ein forretningside, og presentere denne for alle dei andre elevane. 

Dei ulike gruppene gjor ein grundig og god jobb. Dette gjorde det vanskelig for juryen og dei måtte ha to vinnarar.

Under ser du kven som stakk av med seieren i årets Kick Off. 

 

Grunngjeving:

Juryen var samstemte i at det var 2 forretningsidear som begge scora svært høgt på kriterie som vart sett på førehand: Kreativitet – Berekraft og framlegging av ide.

 

Den eine vinnaren presenterte eit heilt nytt produkt, med ei klar målgruppe og gav også ei god forklaring på bruksområde. Dei hadde også klare tankar kring korleis utvikle ideen vidare. Framføringa var gjort på ein måte som gjorde at juryen fekk god tru på at ideen kan realiserast.

 

Vinnar : Påbygg – Brett Komplett UB

 

Den andre vinnaren presenterte på ein overtydande måte korleis ein kan oppmode privatpersonar til å ta berekraftige val ved å belønne i staden for å straffe. Ved å registrere berekraftige val i ein app, kan ein oppnå fordelar hjå bedrifter som ynskjer å profilere seg som berekraftige.

 

Vinnar: Påbygg – Tenk Tellus

 

Me gratulerar begge gruppene. 

Tips ein ven Skriv ut