Årdal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Yrkesfagleg fordjuping

Yrkesfagleg fordjuping

Elevar frå studieprogram for sal og service får høve til å lære seg fag gjennom ulike ungdomsbedrifter.

Alt frå ideutvikling, utarbeiding av forretningside og marknadsplan, til produksjon av varer/tenester, samt drift av ungdomsbedrifta. Elevane står for organiseringa av ungdomsbedriftene, men med kyndig hjelp frå dyktige faglærarar.

Safe Sound UB

Safesoundredui.jpg

Dette bilete er teke frå fylkesmeisterskapen for UB i Førde 2015, der Safe Sound UB fekk gullbillett som sikra deltaking i NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm.

Safe Sound UB stakk av med 2.plass i NM- for beste yrkesfaglege bedrift. Våren 2016 vart det i samarbeid med Årdal utvikling skipa eit AS som har som målsetjing å jobbe vidare med ideen deira. Ideen deira går ut på «å utvikle og selje varslingssytem som gjer det enklare for helsepersonell og andre som har behov for å kome hurtig fram til skadde personar i situasjonar der det er trong for dette»

prototype safesoundredigert.jpg

Over kan de sjå prototypen til Safe Sound UB

safesound 2redigert.jpg

Her er Safe Sound UB hjå Polarlys AS for å utvikle prototypen.

Skjulte Skattar UB

Skjulte skattarredigert.jpg

Skuleåret 2013/2014 vann Skjulte Skattar UB gullbillett i fylkesfinalen som sikra dei deltaking i NM. Sjølv om det kun vart heiderleg omtale i NM, har også desse elevane sett spor etter seg. I etterkant av at dei etablerte og dreiv ein bruktbutikk i Øvre Årdal, har det vorte etablert ei permanent verksemd med same forretningside i lokala til gamleskulen på torget i Øvre Årdal.

Iplan UB

«Utvikling og sal av planleggingskalendar for travle småbornsfamiliar»

Iplan UBredigert.jpg

Iplan UB stakk av med fleire premiar under fylkesmessa i 2015. På bildet over kan de sjå at dei får 1.plass for beste HR bedrift.

Din Kvardag UB

«Utvikling og sal av kalendar med integrert skiftplan for Hydro og Norsun»

Din kvardag UB redigert.jpg

Din Kvardag UB med ein av fleire prisar på fylkesmessa i 2016

Din kvardag UB2redigert.jpg

Planlegging av lansering av ferdig kalendar.

 

Tips ein ven Skriv ut