Hopp til hovedinnhold

Rettleiingstenesta

Nærbilete av skilt til helsesjukepleiar og rettleiingstenesta.

Rettleiingstenesta skal gi elevar, lærlingar, lærekandidatar, ungdom og vaksne tilgang til aktuelle fagtenester i sine læringsmiljø. Rettleiingstenesta skal samarbeide med skular, arbeidsliv, offentlege instansar, opplæringskontor og lærebedrifter.

Tenesta omfattar pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), oppfølging av lærlingar, lærekandidatar og lærebedrifter, og rettleiing i vidaregåande opplæring for vaksne.

På Vestland fylkeskommune sine heimesider kan du lese meir om dei ulike støttetenestene. 

Frå hausten 2022 er Eirin Ask Nyheim rådgjevar i oppfølgingstenesta på skulen vår. Ho kan hjelpe deg med å komme i kontakt med dei øvrige fagtenestene i Rettleiingstenesta. 

Rettleiingstenesta

Rettleiingstenesta held til i andre etg i studiefløyen vår og har kontortid torsdagar kl 08:15 - 14:15. Er det noko du treng svar på utanom dette må du gjerne ringe eller sende ein e-post.

Eirin Ask Nyheim

Rådgjevar rettleiingstenesta