Hopp til hovedinnhold

Kantina

IMG_9211.jpg

Kantina er ein viktig sosial møtestad på skulen vår. Her kan ein sitte og jobbe i grupper, slå av ein prat med medelevar eller lærarar, spele bordtennis eller kjøpe seg noko å bite i.

Vi er så heldige at vi har Debby til å drive kantina vår. Ho lagar variert og god mat, og er ein meistar på å setta saman gode smakar. Sidan ho opprinneleg er frå Indonesia er det mange innslag frå det asiatiske kjøkkenet i varmrettane hennar - noko som er populært, både blant dei tilsette og elevar.

Dersom du har innspel eller spørsmål til Debby, kan du sende ein e-post til debby.triana.dewy@vlfk.no