Hopp til hovedinnhold

Elevtenesta

Elevtenesta er ei tverrfagleg teneste som består av rådgjevar, helsesjukepleiar, miljøkoordinator, representantar frå rettleiingstjenesta og skuleeining.

Elevtenesta har fokus på og jobbar for at elevane skal ha ein best mogleg skulekvardag, både fysisk, psykisk, sosialt og pedagogisk. Dei har møter jamnleg gjennom skuleåret og arrangerer til dømes rusførebyggjande dagar for alle elevane. Ved behov hentar elevtenesta inn eksterne ressurspersonar og samarbeidar med blandt anna politi og helsevesen. 

Elevtenesta består av:
Maria Styve Øren, Monica Vigdal, Helge Øren, Henny Midtun og Eirin Ask Nyheim.