Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Fem smilande jenter på veg ut frå hovudinngangen på skulen.

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje studiespesialisering?

Studiespesialiserande ved Årdal vidaregåande tilbyr programområda realfag og språk, samfunn og økonomi.

Dersom du vel realfag kan du fordjupa deg innanfor matte, fysikk, kjemi og teknologi- og forskningslære. 

Vel du derimot programområdet språk, samfunn og økonomi, kan du velje fag som marknadsføring, e-sport, entreprenørskap, engelsk, sosiologi og sosialantropologi, sosialkunnskap, medie og informasjonskunnskap og psykologi.

Vi tilbyr tysk som framandspråk. 

Ved Årdal vgs legg vi stor vekt på at elevane i størst mogleg grad skal få velje dei programfaga dei er interesserte i. Sidan vi er ein liten skule, vil ein del av programfaggruppene vere små. Dette gjer at du som elev vil få tett og god oppfølging. 

Vi gjev deg eit godt og triveleg læringsmiljø som førebur deg til vidare studium. 

På vilbli.no finn du meir informasjon om studiespesialisering