Hopp til hovedinnhold

Historie

Den fyrste spiren til eit skuletilbod utover grunnskulenivå var lærlingskulen på Årdalstangen og i Øvre Årdal. Denne skulen kom i gang midt i 1950-åra og undervisninga gjekk føre seg på kveldstid.

Hausten 1965 vart Årdal Yrkesskule for handels- og kontorfag starta, med lokale i Farnes  gamle barneskule.

Hausten 1967 kom Årdal Gymnasklassar i gang. Administrativt låg klassane under Sogndal  gymnas. Det var ein klasse på real-linja og ein klasse på engelsk-linja. Undervisningslokala låg i ulike bygningar, noko som var lite praktisk.

Same hausten  kom og Elementærlinja i husstell, som var knytt til Hafslo husstellskule. Frå 1977 vart denne klassen administrert av rektor på handelsskulen.

I 1971 sette Årdal kommune ned ei plannemnd til oppføring av ein felles vidaregåande skule. Ideen var å skapa ein kombinert skule for heile kull frå alderen 16 til 19 år Denne nemnda var i arbeid til hausten 1974.

Men dei klassane som alt var komne i gang, skulle helst ha tak over hovudet i mellomtida.  Løysinga vart å sette opp eit mellombels Moelven-bygg med 6 klasserom, den såkalla «gymnaspaviljongen». Denne vart teken i bruk i 1972.

I 1979 fekk vi grunnkurs i kokk/servitør/husstellfag. Dei førte eit omflakkande liv  med all teoriundervisning på handelsskulen , medan den praktiske opplæringa dels gjekk føre seg på ungdomsskulen og dels på Farnes barneskule, der husstellskulen heile tida hadde vore.

I januar 1977 vart det så nedsett ei fylkeskommunal plan og byggjenemnd.

Hausten 1979 tok arbeidet i marka til.

I august 1981 vart nybygget teke i bruk. Mykje var enno uferdig, særleg på verkstadavdelingane . Så elevar og lærarar side ved side med handverkarar måtte til for å fullføre verket.

I september 1982 tok så ombygginga av gymnaspaviljongen til. Elevar og lærarar på bygningslinja gjorde det meste av tømrar- og snikkararbeidet. Resultatet vart ei romsleg og tidshøveleg bygg for husstellundervisninga.

Den 10.juni 1983 vart Årdal vidaregåande skule offisielt vigsla.

Etter den tid har klassetala variert mykje og det same har elevtalet.