Hopp til hovedinnhold

Miljøkoordinator

Miljøkoordinator Helge Øren smiler medan han rører i ei stor panne med kakao. han er på personalkjøkjkenet og lagar kakao til alle på huset, både lærar ar og elevar.

Helge Øren er ansatt som miljøkoordinator på skulen. Han er tilgjengeleg for alle elevane, men særskilt for hybelbuarar. Hybelbuarane sine føresette kan og ta kontakt. Han har noko fleksibel arbeidstid, men kan "alltid" nåast på telefon, både på vekedagar og i helgar om ønskjeleg. Miljøkoordinatoren

  • inviterer ved skulestart alle hybelbuarar til felles informasjonsmøte med servering av mat og drikke.
  • arrangerer open skule med god og rimeleg middag, kaffi og aktivitetar etter ynskje.
  • er med i tverrfaglig samarbeid/elevteam saman med rektor, helsesjukepleiar, oppfølgingstenesta, rådgjevar, psykologisk pedagogisk teneste, politiet og kommunen sin ungdomskontakt for psykisk helse.
  • deltek i elevtenesta saman med helsesjukepleiar, oppfølgingstenesta og rådgjevar.
  • har saman med rektor ansvar for elevrådet.
  • har saman med ein lærar ansvaret for gjennomføring DKS/ Den kulturelle skulesekken på skulen.

 

Helge Øren

Miljøkoordinator

 

Treng du hybel?

Vi har dialog med mange som tilbyr utleige av hyblar i bygda. Treng du hjelp til å finne deg ein plass å bu eller har spørsmål kring dette må du gjerne ta kontakt med Helge på tlf 905 11 071.