Hopp til hovedinnhold

Korleis bli lærling

Representant frå Hydro aluminium Årdal står saman med to lærlingar i kantina på skulen og orienterer om lærlingprosessen til elevar. Bilete er teke bakfrå slik at ein ser ryggen til elevane og andletet til dei som snakkar.

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søkje læreplass. Her er nokre tips om kva du kan gjere

Kanskje veit du om ei bedrift der du ønsker å søkje læreplass? 

Det er fleire måter å søkje læreplass på. Du kan sjølv oppsøke bedrifter eller sende ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlinger. Uansett kva du vel tilrår vi at du søkjer gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. 

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedriften. Då blir du lærling. Bedrifta har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.

Lærlingperioden blir vanligvis avslutta med fag- eller svenneprøve. Den blir laga med utgangspunkt i læreplanen i faget.

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.

Dersom du vil lese meir om det å bli lærling kan du gjere det på heimesida til Sogn Opplæringskontor.