Hopp til hovedinnhold

Det du treng å vite

Bilete av Årdal vidaregåande skule sin hovudinngang med fjell og skyer i bakgrunn.

Skulen vår ligg få minuttars gange frå sentrum og busshaldeplass, like ved barne- og ungdomsskulen. Ekspedisjonen finn du rett innanfor døra i administrasjonsfløyen.

Besøksadresse

Farnesvegen 32
6884 Øvre Årdal

Postadresse

Årdal vgs
Postboks 213
6882 Øvre Årdal

Telefon

576 38 400

E-post

post.ard@vlfk.no

Åpningstider ekspedisjonen

08:00 - 15:00

 

Har du spørsmål?

I ekspedisjonen møter du Anita og Janne. Vi vil gjerne hjelpe deg med det du måtte lure på. Ta turen innom, ring eller send ein e-post.

Tilsette ved skulen

Vi har kring 40 tilsette på skulen vår. Dersom du ynskjer å kome i kontakt med nokon av dei er du hjarteleg velkommen til å ringe eller sende ein e-post.

 

Dette synes vi er viktig

Vi jobbar for eit godt og inkluderande skulemiljø. Vi har difor både bordtennis- og biljardbord i fellesarealet. Desse blir flittig brukt i friminutta og vi held også turneringar.

Dersom du er hybelbuar blir du invitert på middag fleire gonger i løpet av skuleåret. Vi legg óg til rette for felles frukost i kantina kvar tysdag og torsdag. Dersom du har innspel til kva vi kan gjere for å bidra til eit godt skulemiljø må du gjerne ta kontakt med miljøkoordinator Helge på tlf 905 11 071. Vi set pris på alle innspel.

Skulen si historie

Skulen vår har vore i drift sidan 1983. Meir om skulen si historie