Hopp til hovedinnhold

Elektro og datateknologi

To elevar med elevar

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje elektro- og datateknologi?

Dersom du vel elektro- og datateknologi har du mange jobbmoglegheitar, både i offentlege og private bedrifter. Dømer på yrker du kan velje er elektrikar eller elektroreperatør, energioperatør eller energimontør, heismontør, flymekanikar, automatikar og mange, mange fleire. 

Årdal vidaregåande skule har dyktige og engasjerte lærarar. Vi har og eit breitt og godt samarbeid med elektro- og automasjonsbedrifter, både lokalt og regionalt. Vi nyttar bedriftsbesøk og yrkespraksis som ein viktig del av opplæringa.

Skulen legg vekt på elevane sin trivsel og medverknad i skulekvardagen. Ein stor del av undervisninga er praktisk retta i form av øvingar på koplingsbrett, modellar, instrumentbruk, databruk og laboratorieøvingar. Vi nyttar moderne teknisk utstyr i undervisninga, og har gode verkstader på skulen. Entreprenørskap og arbeid med ungdomsbedrifter er eit satsingsområde hjå oss.

Første året (vg1) er felles for alle som vel elektro- og datateknologi. På skulen vår kan du andre året (vg2) søkje deg vidare inn på automatisering og tredje året (vg3) automatiseringsfaget. Du kan velje påbygging til generell studiekompetanse både etter vg2 og vg3.

Les meir om elektro- og datateknologi på vilbli.no.

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.