Biblioteket
I tillegg til læremidlar har skulebiblioteket eit godt utval bøker i fleire sjangrar. Vi har ein eigen seksjon for bøker på nynorsk og bøker med forfattarar eller tema frå Sogn og Fjordane. Vi har óg ein eigen seksjon i biblioteket der ein kan sitte å arbeide, både åleine og i grupper. Vi kan og hjelpe til med å skaffe bøker til særemne, eller den spesielle boka du berre brenn etter å lese.
Frå torsdag 24.august til fredag 8. september er skulebiblioteket bemanna kvar skuledag frå 08.00 - 12.00. Resten av skuleåret er biblioteket åpe heile åpningstida til skulen, men kun bemanna onsdagar frå 08.00 - 12.00.
Reglement
Læremidlar har lånetid 1 skuleår, andre bøker har lånetid på 4 veker. Du er erstatningspliktig for det du låner så ta godt vare på bøkene dine. I skulebiblioteket er det rom for alle, der tek vi hensyn, held det ryddig og har det triveleg saman.
Bibliotekaren
Frå 1. januar 2023 har skulen overteke drifta av skulebiblioteket. Dersom du lurer på noko, eller treng hjelp utanom bemanna tid kan du henvende deg i resepsjonen.
Kjeldekritikk og kjeldebruk
Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.
Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.